Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


Har utplasseringsveka si ved Todalen Oppvekstsenter

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. september 2020

Denne veka har 10.årstrinnet ved Surnadal Barne- og Ungdomsskule utplasseringsveke. Vanlegvis er utplasseringsveka på våren i 9.årstrinn, men på grunn av Koronasituasjonen er ingenting som vanleg i år, så då vart den flytta til i haust. Føremålet med utplasseringsveka er å gje elevane eit lite innblikk i arbeidslivet og ikkje minst for å hjelpe dei litt med valet av framtidig studieretning. Elevane i 10.årstrinn må innan 15.mars 2021 bestemme seg for kva studieretning dei vil søkje seg inn på når dei frå neste haust går over frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. Nokon er framleis i tvil om kva dei vil, medan andre allereie har bestemt seg for studieretning. Difor er utplasseringsveka nyttig for mange av dei før dei tek det endeleg valet om studieretning.


Todalen skule blir lagt ned frå hausten 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. august 2020

Det 100.skuleåret ved Todalen skule, som starta sist måndag, ser ut til å bli det siste ved skulen. I ei orienteringssak til Formannskapet, Hovudutval for Oppvekst og seinare i haust til Kommunestyret orienterer kommunalsjef oppvekst Astrid Mogstad Høivik og kommunedirektør Knut Haugen om at elevtalsutviklinga ved Todalen skule tilseier at skulen frå hausten 2021 blir slått saman med Stangvik skule på Evenshaugen. Bakgrunnen for orienteringssaka er Surnadal Kommunestyre sitt samrøystes vedtak den 13.12.2018 der det heiter:


Skulestart for 100.gong ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. august 2020

I dag var det skulestart for 100. gong ved Todalen skule, vel og merke ved dagens skule som vart teken i bruk hausten 1920. Skuleåret 2020/21 er det 23 elevar ved Todalen skule, ein nedgang på 5 elevar i høve til siste skuleår. Edvard Halle starta som einaste elev i 1.årstrinn i år. Dette er første gong sidan 1987 at det er berre ein elev som startar sin skulegang i 1.årstrinn.


Skulejubileum «Mitt prosjekt 3»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. juli 2020

Denne gongen er det Randi Sogge (fødd Halset frå Furuhaugen) sin handarbeidspose vi skal presentere. Randi laga handarbeidsposen sin i 4.årstrinn (første året i storskulen) i 1953. Læraren i handarbeid ved Todalen skule på den tida var Aslaug Ramsli. Randi kan og fortelje at ho seinare hadde Brit Ørsal (fødd Ansnes) i handarbeid, og då føregjekk undervisninga heime hjå Brit i Utigarden på Ørsal


«Mitt Prosjekt 1 »

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. juli 2020

FAU ved Todalen skule hadde som tidlegare nemnt planer om ei stor markering i samband med at «ny skulen» i Todalen i år er 100 år. Koronasituasjonen sette som kjent ein effektiv stoppar for jubileumsfeiringa, men som eit «lite plåster på såret» gjekk FAU i april ut og inviterte tidlegare elevar ved Todalen skule til å levere inn bilete og nokre ord om eit sløyd- eller handarbeidsprosjekt dei hadde laga ved Todalen skule. Responsen var ikkje den heilt store, men nokre prosjekt kom det inn. I vekene som kjem vil vi presentere desse her på todalen.no.


Nok eit skuleår unnagjort

Elinor Bolme Fredag 19. juni 2020

I går kveld markerte 5. – 7. klasse skoleslutt, ferietid og nye utfordringar frå hausten av. Tradisjonell skuleavslutning var ersatta av ein enkel samankomst av elevar, lærarar og foreldre ute på skoleplassen i finværet.


Sprang for FORUT

Elinor Bolme Torsdag 4. juni 2020

På onsdag var det høgt aktivitetsnivå mellom Todalen Oppvekstsenter og Pilskaret. Da var heile skulen, i inndelte grupper ute på oppdrag for årets skoleløp for FORUT. Her hadde alle ungane skaffa seg private løpesponsorar som betalte ein valgfri sum per runde løpt. 


Endeleg vår og kuslepp

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. mai 2020

Endeleg var dagen komen for at mjølkekyrne i Austistua på Hala skulle få ut og lufte seg. Det er mange år sidan dei kom ut av fjøset så seint på våren. Ungar frå barnehagen tok turen for å sjå på kusleppet.


Barnehagen fikk Bjørnisplakat

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. mai 2020

Fredag ettermiddag fikk Todalen Barnehage overraskande besøk av Hans Christian Hårstad frå Brann og feiarvesenet i Surnadal kommune.  Han hadde med seg ein flott «Bjørnisplakat» som  Hans Christian moternter opp på veggen i barnehagen.  På plakaten var det ei «alt blir bra»-helsing frå brannbamsen Bjørnis til barnehageborna. 


Stor stas med skule igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. april 2020

Måndag starta skulen på igjen for dei som går i 1. til 4. klasse.  Det var sjølvsagt stor stas å kome på skulen igjen og treffe att klassekameratane etter fleire veker med heimeskule vi internett. På Todalen skule ei dei samla i ei gruppe og det går mykje på uteaktivitetar, fortel rektor Britt Mossing.


Syklar ønskes

Elinor Bolme Laurdag 25. april 2020

Etter helga byrjar småskulen på att igjen. Her er det no nye restriksjoner og undervisninga blir lagt enda meir utandørs. I den anledning treng to av dei tilsette som ikke bur i Todalen hjelp til å låne, eventuelt kjøpe to syklar som dei kan ha ståande på skulen.


1. til 4. skuletrinn starter på over helga.

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. april 2020

Over helga er det klart for forsiktig skulestart og SFO for 1. – 4. årstrinn.  På en pressekonferanse på nettet vart den lokale pressa orientert om opplegget for skulestarten, og kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik orienterte om opplegget.  – Dette skal bli så bra som mulig, og vi samarbeidet godt med foreldre og elevar om opplegget og alle skulane i kommunen opnar igjen over helga.