Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har utplasseringsveka si ved Todalen Oppvekstsenter

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. september 2020

Denne veka har 10.årstrinnet ved Surnadal Barne- og Ungdomsskule utplasseringsveke. Vanlegvis er utplasseringsveka på våren i 9.årstrinn, men på grunn av Koronasituasjonen er ingenting som vanleg i år, så då vart den flytta til i haust. Føremålet med utplasseringsveka er å gje elevane eit lite innblikk i arbeidslivet og ikkje minst for å hjelpe dei litt med valet av framtidig studieretning. Elevane i 10.årstrinn må innan 15.mars 2021 bestemme seg for kva studieretning dei vil søkje seg inn på når dei frå neste haust går over frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. Nokon er framleis i tvil om kva dei vil, medan andre allereie har bestemt seg for studieretning. Difor er utplasseringsveka nyttig for mange av dei før dei tek det endeleg valet om studieretning.

Maren M. Karlsen (t.h.) saman med rettleiar Trine H. Nordvik (t.v.) Foto: B G Ansnes

Maren M. Karlsen har utplasseringsveka si ved barnehagen. Då ho skulle velje utplasseringsstad hadde ho allereie bestemt seg for at det måtte bli barnehagen. Og det valet har ho ikkje angra på så langt i alle fall. Maren har fått god kontakt med alle ungane og dei tilsette. Ho kosar seg både med inne- og uteaktivitetar. Maren fortel vidare at arbeidsoppgåvene har vore varierte, og vi nemner her:

  • Vere med leiken med ungane
  • Kle av og på
  • Hjelpe til under måltida
  • Rydding
  • Skifte bleiar

Maren er ikkje framand for at ho i framtida kan tenkje seg å arbeide med born og unge. 

Til neste haust tek Maren sikte på å søkje seg inn på Studiespesifisering eller Helse og Oppvekst. 

Ingebrigt K. Bergli. Foto: B G Ansnes

Ingebrigt K. Bergli har utplasseringsveka si ved skulen. Han er med 1.-4.årstrinn. Han har mellom anna:

  • Vore lærar
  • Lærarassistent
  • Friminuttsvakt
  • Rettleiar

Ingebrigt hadde lyst til å ta utplasseringsveka si ved skulen for å sjå korleis det var å vere lærar i staden for elev. Så langt tykte han det hadde gått greit. Men på spørsmål om han skulle bli lærar, vart han stille ei stund før han svara at han ikkje trudde det vart hans yrkesval for framtida. Men heilt avvisande var han ikkje.  

Ingebrigt har tenkt å søkje seg inn på Studiespesialisering til neste haus. 

Martin K. Talgø. Foto B G Ansnes

Den tredje som har utplasseringsveka si ved Todalen Oppvekstsenter denne veka er Martin K. Talgø. Han er med 5.-7.årstrinn. Han har mellom anna:

  • Vore lærar
  • Lærarassistent
  • Friminuttsvakt
  • Rettleia

Martin har ikkje bestemt seg for kva yrkesval han skal velje i framtida, men å bli lærar var ikkje aktuelt så langt i alle fall. Men han legg til at han hadde ei fin og innhaldsrik arbeidsveke så langt, så kanskje vil læraryrket bli vurdert etter kvart? Kven veit. 

Martin vil søkje seg inn på Studiespesifisering med toppidrett til hausten. 

Då vi var på besøk ved oppvekstsenteret ved lunsjtider onsdag såg det ut til at alle dei tre utplasseringselevane hadde det kjekt, og at alle tre hadde fått god kontakt med både ungane og dei tilsette. Det såg ut til at dei var eit populært innslag i kvardagen ved oppvekstsenteret. 

Publisert: 30. september 2020, 12:00