Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vår og kuslepp

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. mai 2020

Endeleg var dagen komen for at mjølkekyrne i Austistua på Hala skulle få ut og lufte seg. Det er mange år sidan dei kom ut av fjøset så seint på våren. Ungar frå barnehagen tok turen for å sjå på kusleppet.

Godt å kome ut i frisk luft og trø på gras. Austistuå i bakgrunnen. Foto: Åshild

Kuslepp! Steinarstuå i bakgrunnen. Foto: Åshild

Kyrne var ivrige på å sleppe ut i det fri, dei trengde seg i hop innafor døra; her var det om å gjera å vera førstemann ut! Etter ein lang vinter vart det både hopp, sprett og kast på sinnsrolege, vaksne kyr. Dei lukta på blomster og gras og sprang om kring. Litt kamp vart det også. Barnehageungane syntest kyrne var «tuppåt», men forstod godt at kyrne også var glade for at vinteren var slutt så dei kunne springe fritt omkring. Det var artig at kyrne leikeslost! Kjekt med turar i nærmiljøet for barnehageungane.

Fleire bilete:

Vil du kome hit til meg? Foto: Jounn N

Kåte og spretne kyr! Foto: Jorunn N

Publisert: 27. mai 2020, 18:09