Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


Felles Halloweenfeiring

Elinor Bolme Måndag 28. oktober 2019

FAU ved Todalen oppvekstsenter inviterer til felles Halloweenfeiring torsdag 31. oktober klokka 18. Her er alle velkomne til ein times tid i lag i gymsalen på skulen.


Mange nye bøker frå Sanitetsforeninga til Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. oktober 2019

Todalen sanitetsforening fekk i 2018 midlar frå Egmont-stiftelsen for å fremje interesse for bøker og litteratur og stimulere til større leselyst hos barn og unge. Fredag før haustferien var den store dagen da May-Elisabeth Holten frå Sanitetsforeninga kom med bokgåva for 2019. Ikkje mindre enn 26 splitter nye og fine bøker hadde ho med seg.


Stort utvalg i bøker på Biblioteket, men finn også lydbøker, CD'ar og videoar. Foto: Jon Olav Ørsal

Biblioteket stengt

Elinor Bolme Laurdag 7. september 2019

I forbindelse med kommune- og fylkestingvalget er Todalen bibliotek stengt måndag 9. september.


Forslag om samlokalisering av barnehagane avslutta

Elinor Bolme Torsdag 29. august 2019

Under dagens møte i Hovudutvalet for Oppvekst vart det vedteke at oversendingsforslaget om å slå saman barnehagane i Todalen og Stangvik ikkje treng ny behandling i kommunestyret. Les meir om gladnyheita på Trollheimsporten: Såg ingenen nye grunnar for samlokalisering av Todalen og Stangvik Foto:Trollheimsporten.


Med flagget til topps for skulestart og fire nye elevar!

Elinor Bolme Måndag 19. august 2019

I dag starta fire nye elevar på Todalen skule. Tre av dei var jentene Julia, Øyvor og Natasha som skulle byrje i første klasse. Dei har hatt god trening med førskuleklubb siste barnehageår, og vart fort husvarme i skulegarden saman med resten av elevane ved oppvekstsenteret, heile 27 i talet.


Heilt klare for skuleferie!

Elinor Bolme Tysdag 18. juni 2019

Nok eit skuleår går mot slutten, og i går kveld vart dette markert ved Todalen Oppvekstsenter. FAU stilte med varme grillar slik at den som ville, kunne ta ein sein middag. Etterpå var det litt underhaldning av elevane i 1.-4. klasse. Rundt om i gymsalen var det utstillingar frå mange ulike prosjekt som elevane hadde gjennomført i løpet av skuleåret. 


Sommaravslutning

Elinor Bolme Torsdag 13. juni 2019

Førstkommand emåndag er det sommaravslutning for Todalen oppvekstsenter. Da blir den årlege markeringa av at nok eit skule- og barnehageår er på hell og sommaren står for tur. Vi har fått invitasjon frå Oppvekstsenteret til ungar, foreldre, foresette og andre interesserte.


«Sikker på sykkel» i regi NAF

Elinor Bolme Onsdag 22. mai 2019

Dei siste vekene har det på fleire av skulane i rundt om vore fokus på trygg og sikker ferdsel på sykkel i regi av NAF. NAF sitt mannskap har vore ute på skulane med eit opplæringsopplegg, der ungane skal  lære seg å ferdast ute i trafikken med eit opplegg dei har kalla «Sikker på sykkel»  Dette er eit ledd i å nå krava i opplæringslova, som kanskje ikkje alle skulane har nok fokus på.


Plakathjelp frå skuleborna

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. mai 2019

I Todalen har skuleborna lang tradisjon for å hjelpe til med plakatar for å marknadsføre 17. mai-feiringa. Det var det velvilje for i år også, så i dag har det vore storstila plakatproduksjon i skulen. Resultatet kan du sjå på biletet på framsida der heile gjengen har stilt opp for fotografering med kvar sin plakat.


Besøkte kunstutstillinga i Skulstuå

Elinor Bolme Laurdag 27. april 2019

Todalen oppvekstsenter med både skule og barnehagen var å såg på kunstutstillinga i Skulstuå i går. Sissel og Reidar serverte popcorn, kanapéar og velkomstdrink, og fortalte litt om bileta sine. Elevane fekk sjå korleis ein kan endre på foto i fotoshop, og at eit måleri er ikkje berre eit måleri. Det kan endrast og målast over fleire gong. Og blir gjerne til over tid.


Trump på hemmeleg besøk??

Elinor Bolme Fredag 22. februar 2019

I dag var det arrangert karneval på Todalen Oppvekstsenter, og jaggu dukka ikkje sjølvaste Donald Trump opp i lag med øvrige gjestar frå 1. til 7. trinn. Til lunsj vart det servert hamburger, og etterpå vart det danseleik, limbo og forsøk på å få hol på piñata.


Todalen oppvekstsenter markerte Samisk folkedag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. februar 2019

Ved Todalen oppvekstsenter er det lang tradisjon for å feire Samefolkets nasjonaldag 6. februar og flagget blir heist til topps. I år vart det ein topp dag både med lassokasting, lunsj og film frå «reinsrace» i Tromsø.