Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heilt klare for skuleferie!

Elinor Bolme Tysdag 18. juni 2019

Nok eit skuleår går mot slutten, og i går kveld vart dette markert ved Todalen Oppvekstsenter. FAU stilte med varme grillar slik at den som ville, kunne ta ein sein middag. Etterpå var det litt underhaldning av elevane i 1.-4. klasse. Rundt om i gymsalen var det utstillingar frå mange ulike prosjekt som elevane hadde gjennomført i løpet av skuleåret. 

Fleire av dei var kunstrelaterte, etter som Marit Lediard hadde jobba med sin master i kunst og handtverk dette året og hadde involvert elevane i dei fleste trinna i oppgåva. Her var både sydde vesker, redesign av kleder, huskonstruksjonar og måleri.

Rektor Britt Mossing kunne presentere tre nye førsteklassingar som absolutt var klare til å ta steget opp i første klasse frå hausten. Frå venstre: Natasha Maria Nordvik, Julia Krajewski og Øyvor Husby.

På den andre sida av skalaen var det frå venstre Anja Dalsegg Sæter, Van Adrian Ansnes, Johan Ranes og Edel Terese Karlsen som skulle forlate Todalen Oppvekstsenter. Elevane «takka av» Anja med blomster og gave, medan Anja hadde laga ei lita helsing til kvar og ein av sine elevar i 5.-7. klasse.

Anja byrjar i ny jobb på Stangvik oppvekstsenter frå hausten, medan dei tre 7. klassingane skal ta skulebussen til Surnadal og 8. klasse ved Surnadal Ungdomsskule. Ny og spennande kvardag for alle fire. Britt kunne fortelje at dei allerede har fått helse på nytilsette Eline Dragsnes Årestrup frå Årdal som skal ta over etter Anja.

Til slutt var det kaffeservering og utlodning til inntekt til FAU sitt arbeid ved oppvekstsenteret.

Under er fleire bilder frå ei triveleg sommaravslutning. Alle foto ElinorB

Først publisert: 18. juni 2019, 04:00 - Sist oppdatert: 17. juni 2019, 23:05