Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


Sommeravslutning i skulen

Jon Olav Ørsal Måndag 18. juni 2018

Tysdag 19. juni kl 17.30 inviterer Todalen Oppvekstsenter og FAU til sommeravslutning for å markere at sommerferien er like rundt hjørnet. Da blir grillen tent, og alle blir oppfordra til å ta med litt mat til å legge på grillen. Elles blir det kaffeservering og loddsal, melder Todalen Oppvekstsenter.



Her vil vi bygge og her vil vi bo!

Elinor Bolme Onsdag 30. mai 2018

FAU ved Todalen skule inviterte i kveld alle foreldre med born i skulepliktig alder til eit møte for å kartleggje ønsker og behov for Todalen skule i framtida. Leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes orienterte i forkant om kva som no skjer vidare i saka som utredningsrapporten som Surnadal kommune skal leggje fram for kommunestyret den 13. september.


Barnehagen oppmodar: – Kom på kunstutstilling!

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Todalen barnehage skal ha Sommarkafè og opne utstilling i Skulstuå torsdag 31. mai kl 13.30. Dei inviterer alle til å kome og få ein kaffekopp – og til å sjå på noko av det barna har laga i løpet av året. Utstillinga held ope til kl 15.30. Alle er velkomne på utstilling!  


Inviterte heile bygda på 10-kaffe

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. mai 2018

Dei 27 elevane i Todalen skule har tradisjon med å invitere besteforeldre på 10-kaffe ein dag på vårparten. I dag var det slikt arrangement, og denne gongen inviterte dei like godt «alle interesserte» til å kome til skulen for å få oppvartning og underhaldning eit par føremiddagstimar.


10 kaffe i dag på skulen

Elinor Bolme Tysdag 15. mai 2018

Ungar og tilsette ved Todalen oppvekstsenter inviterer i dag til 10-kaffe på skulen.


Utplassering: – Fekk god føling med yrkeslivet

Jon Olav Ørsal Fredag 20. april 2018

Denne veka har 9.-klassingane ved Surnadal ungdomsskule fått prøva seg i yrkeslivet. Her i Todalen har vi fem 9.-klassingar som har hatt lokalt engasjement, og alle 5 har trivast på kvar sin plass, – og fått prøva seg på varierte og interessante arbeidsoppgåver.


Stor glede over bokgåve til Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Fredag 16. mars 2018

Fredag fekk ungane ved Todalen oppvekstsenter overrekt ei gåve som skapte interesse, glede og engasjement; heile 56 nye bøker, 31 til barnehagen og 25 til skulen! Givaren var Sanitetsforeninga i Todalen.


Klare for juleferie

Elinor Bolme Onsdag 20. desember 2017

I kveld inviterte elevar, tilsette og FAU ved Todalen Oppvekstsenter til den årlege juleavslutninga ved skulen. Med fullsett sal med familie og venner vart det ei triveleg førjulsstund i gymsalen. Alle skuleklassane hadde øvd inn kvar sine underhaldningsnummer og til slutt kom den vesle barnehagegruppa med sitt innøvde «På låven sitter nissen».


Juleavslutning på skulen

Elinor Bolme Fredag 15. desember 2017

Onsdag kveld er heile bygda invitert til juleavslutning på Todalen Oppvekstsenter. 


Med luciatog og lussekatter til barnehagen

Elinor Bolme Onsdag 13. desember 2017

I dag har 1.-4.trinn på Todalen skule baka lussekatter og gått Lucia i barnehagen og på skulen. Og vi har fått oversendt nokre stemningsbilete.


Nordisk biblioteksveke også i Todalen

Elinor Bolme Måndag 13. november 2017

Todalen skule og Todalen FAU inviterte i kveld til høgtlesning, quiz og boklån i forbindelse med at det denne veka er den nordiske bibliotekveka. Britt Mossing starta med å lese eit utdrag av boka Skatteøya av Mauri Kunnas.