Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trump på hemmeleg besøk??

Elinor Bolme Fredag 22. februar 2019

I dag var det arrangert karneval på Todalen Oppvekstsenter, og jaggu dukka ikkje sjølvaste Donald Trump opp i lag med øvrige gjestar frå 1. til 7. trinn. Til lunsj vart det servert hamburger, og etterpå vart det danseleik, limbo og forsøk på å få hol på piñata.

Klare for å få hol på piñataen.

Alle måtte slå ein gong kvar på piñataen, og likevel vart det ikkje hol på sekken! Litt «hjelp» måtte derfor til for å finne ut kva som var inni.

 

Og der var det godteri..

Dagen vart avslutta med å sjå film som elevane hadde laga.

Utkledning er artig både for stor og små tykkjer lærarane Torill Gjeldnes og Marit Lediard, som har oversendt bildene til oss.

Publisert: 22. februar 2019, 20:03