Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


Vel møtt til nytt bibliotekår!

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. januar 2019

Bibliotekar Karen Johanne Talgø melder at første kveld med ope bibliotek i 2019 er måndag 7. januar. Opningstida er som vanleg, altså frå kl. 18.00 til 20.00.


-No bli d jul!

Elinor Bolme Onsdag 19. desember 2018

Ja det kunne dei dyktige elevane ved Todalen skule i går kveld konstatere etter at dei for nesten fullsett gymsal framførte dramatiseringa » Albert og julemånen» på juleavslutninga. Elevane har den siste tida jobba knallhardt med både replikkar og kostymer i forkant av årets forestilling. Alle klassene var med på oppsetjinga og dei hadde absolutt full kontroll både på tekst og sceneskift.


Juleavslutning på Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 18. desember 2018

Alle er velkomne til juleavslutning på Todalen oppvekstsenter i kveld, tysdag 18. desember kl. 17.30! Julespelet «Albert og julemånen» blir framført frå scena. Det blir kaffe og kaker, gong rundt juletreet og kanskje kjem nissen ned frå Lauvåfjellet. Arrangør er Todalen oppvekstsenter og FAU VEL MØTT!  


Koseleg på bibliotekkveld

Elinor Bolme Tysdag 13. november 2018

Som vanleg var det godt oppmøte på bibliotekkvelden i regi FAU, Todalen bibliotek og Todalen skule under markeringa av årets Nordiske litteraturveke. Temaet for litteraturveka i år var «Heltar i Norden», og Britt Mossing fortalte litt om dei ulike literaturheltane som har dukka opp igjennom åra.


Stort utvalg i bøker på Biblioteket, men finn også lydbøker, CD'ar og videoar. Foto: Jon Olav Ørsal

Bibliotekkveld ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. november 2018

Måndag 12. november er det bibliotekkveld i Todalen skule. Det blir da markering av Nordisk litteraturveke. Temaet for litteraturveka er «Heltar i Norden». Arrangementet er i tidsrommet 17.30 – 19.00 i biblioteket.


Oppstart balleik

Elinor Bolme Måndag 22. oktober 2018

Det blir balleik i gymsalen på skulen onsdagar frå og med  førstkommande onsdag 31. oktober til og med  12. desember. Her blir det som vanleg tider for dei yngste, og så for dei eldste ungane etterpå.


Beintøffe syklistar på veg til skulen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. september 2018

Elevane ved Todalen- og Stangvik oppvekstsenter i Todalen har hiva seg på Norges største gå-til skulen-aksjon som heiter «Beintøft». Målet med aksjonen er at flest muleg skal gå, sykle eller dei som har lang skuleveg bruker offentleg kommunikasjon.


Skulesaka: Feira med kake og is til elevane

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. september 2018

Torsdag var det klar at fleirtalet i kommunestyret støtta rådmannens tilråding i saka som omhandla den vidare skjebnen til Todalen skule. Med ei lita endring vart det gjort positivt vedtak i saka, og dermed er situasjonen meir forutsigbar både for borna, lærarane og foreldra. Vedtaket vart behørig feira med sjokoladekake og is til alle, både skuleborna, tilsette og aksjonsgruppa frå FAU.


På’n igjen i biblioteket

Jon Olav Ørsal Måndag 27. august 2018

Nytt semester for Karen Johanne Talgø og biblioteket i Todalen. Biblioteket hadde sin første opningsdag måndag 20. august, og er ope kvar måndag utover hausten i tidsrommet 18.00 – 20.00. Unntaket er haustferieveka, for da tek biblioteket ferie også. Karen Johanne fortel at det er bra utlån i Todalen bibliotek – spesielt er borna flinke til å låne med seg bøker heim.


Kven er du?

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

Skuleåret har starta opp att, og elevane har allerede byrja på med både fag og leik. VI har fått tilsendt ni portrettintervju som elevane i 5. – 7. klasse har gjort. Dei gir oss sjansen til å bli betre kjent med elevane i 1. og 2. klasse.


No ha vi byn’t på skulå …

Jon Olav Ørsal Måndag 20. august 2018

Tre stolte førsteklassingar på framsida – Ådne Skjerve Gjeldnes, Lars Ailo Gjeldnes og Anders Dalsegg Bruset. Og første skuledag kom ordførar Lilly Gunn Nyheim på besøk og ho var heldig og kom med på bildet saman med førsteklassingane ved Todalen skule. Lilly Gunn kom for å ønskje både førsteklassingane og resten av elevflokken lykke til på første skuledag.


Nok eit skuleår har passert

Elinor Bolme Tysdag 19. juni 2018

Nok eit skuleår er passert, og alle elevar med foreldre, besteforeldere, tilsette og andre interesserte var samla ved oppvekstsenteret til ei felles avslutning i kveld. Ei felles markering der det sosiale står i sentrum, og den tradisjonelle underhaldningsbiten har vorte teke bort.