Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koseleg på bibliotekkveld

Elinor Bolme Tysdag 13. november 2018

Som vanleg var det godt oppmøte på bibliotekkvelden i regi FAU, Todalen bibliotek og Todalen skule under markeringa av årets Nordiske litteraturveke. Temaet for litteraturveka i år var «Heltar i Norden», og Britt Mossing fortalte litt om dei ulike literaturheltane som har dukka opp igjennom åra. Pippi og Emil var nok kjent for dei aller fleste, men Snorre var det nok mest den eldre garde som kanskje hadde erfaring med.

Natalie, Jakob, Trygve og Jens ventar tålmodig på at Britt får unna lånekøen.

May-Elisabeth Holten orienterte litt om lesevenn-aktiviteten som Todalen sanitetsforening har både i barnehagen og på skulen gjennom deler av skuleåret. Ho har vore på samling i regi NKS for å få inspirasjon og ikkje minst bøker til utdeling til skulen.

May Elisabeth Holten viste fram den aller første boka ho fekk i julegave i 1948. May har alltid vore interessert i bøker, og har også kunna dels jobba med det i sitt lange yrke som lærar.

Johan, Van Adrian, Markus og Ingebrigt kappast om å ha det beste bisonblikket. Her er det om å gjort å finne ulike figurar først i ei litt «rotete» bokside.

Malee Brusethaug var på utkikk etter julebrødoppskrifter. Ho er over snittet interessert i matlaging, og brukar å kombinere norske og thailandske oppskrifter fortel ho.

Trygve og Sivert tek ein pause i leiken og roar ned med ei bok.

Biblioteket er ope alle mandagar ved ordinær skulerute frå klokka 18-20.

Først publisert: 13. november 2018, 05:35 - Sist oppdatert: 12. november 2018, 22:25