Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok eit skuleår har passert

Elinor Bolme Tysdag 19. juni 2018

Nok eit skuleår er passert, og alle elevar med foreldre, besteforeldere, tilsette og andre interesserte var samla ved oppvekstsenteret til ei felles avslutning i kveld. Ei felles markering der det sosiale står i sentrum, og den tradisjonelle underhaldningsbiten har vorte teke bort. 

Arrangementet starta med varme grillar av FAU, kor den enkelte grilla eigen medbragt middag.

Og mange tok som vanleg turen til sommaravslutninga.

Nokon må seie farvel etter 7 fine år ved skulen sin og er kanskje ganske så klare for å starte eit nytt kapittel ved Surnadal ungdomsskule til hausten. Andre er spente på korleis livet som skuleungar skal bli etter fleire år i barnehagen. Det tykte i alle fall dei tre som til hausten skal byrje i 1. klasse. 

Rektor Brit Mossing lurar på kvar desse karane kjem frå, og dei var ikkje riktig naboar viste det seg. Anders Dalsegg frå Bruset, Lars Ailo Gjeldnes frå Gjeldnes og Ådne Gjeldnes frå Bekkerhagan. Eit trekløver som gler seg veldig til å byrje på Todalen skule!

7. klassingane Maren Mikkelsen Karlsen, Lisabeth Storslett, Martin Kvande-Talgø og Ingebrigt K Bergli takka for seg med ei rose og t-skjorte til kvar av dei tilsette ved skulen som deltok på avslutninga.

Og som vanleg var det utlodning til inntekt til FAU og deira arbeid. Pengane sitt laust når loddbøkene kjem fram, og skuleungane har fullt opp med å selje til kjøpelystne foreldre og besteforeldre.

Aleksandra og Selma har fullt opp med å selje.

Rundt om på vegganenog ute i gangen hadde elevane stilt ut det dei hadde arbeidd med den siste tida i ulike fag. Her var både fine tegningar, måling og puteproduksjon vist  fram.

Putene heilt bak til venstre.

Publisert: 19. juni 2018, 21:35