Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beintøffe syklistar på veg til skulen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. september 2018

Elevane ved Todalen- og Stangvik oppvekstsenter i Todalen har hiva seg på Norges største gå-til skulen-aksjon som heiter «Beintøft». Målet med aksjonen er at flest muleg skal gå, sykle eller dei som har lang skuleveg bruker offentleg kommunikasjon.

Det er Miljøagentane som er bornas eigen miljøvernorganisasjon som har drege i gang denne aksjonen, og hensikta er å bidra til å bevisstgjering av miljøproblema som er knytt til bilkøyring i skule- og lokalsamfunn, seier rektor Britt Mossing. – Ho fortel at skulen har knytt noko av undervisninga til dette prosjektet, no i september når aksjonen går føre seg. Mellom anna skal elevane vurdere om det er nokon stad på skulevegen at det er farleg å passere til fots eller på sykkel. Og sjølvsagt er trafikkreglane aktuell kunnskap å ha med seg. I aksjonen er det sett opp ein hovudgevinst på kr 30.000 til den skulen/klassen som scorar flest poeng.

Trangt om plassen i sykkelstativet no om dagen! Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Temaveker
I løpet av Beintøft-månaden skal elvane utføre 4 vekesoppdrag. I Todalen er dei ferdig med den første som har gått på trafikksikkerheit, og dei neste vekene er det søppel på skulevegen, sykkelglede og klima som står på plana.

Det er fleire og fleire som syklar, og eg trur borna sett pris på sykkelturen til skulen, som ofte går føre seg i lag med venner – og litt friskt er det da også, seier Britt. – Og sjølvsagt er det eit konkurransemoment i denne aksjonen. Kvar dag blir det registrert kven som går, syklar eller køyrer kollektivt. Resultatet blir lagt inn på nettsida www.beintøft.no, der dei kan sjå resultatet etter kvart, og sjå kor mykje CO2 som er spara på at elvane har gått eller sykla.

I Surnadal kommune er det skulane i Todalen og Mo som deltek i denne aksjonen, og dersom du går inn på www.beintøft.no kan du følgje med korleis resultatet blir til slutt.

Publisert: 14. september 2018, 17:57