Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

-No bli d jul!

Elinor Bolme Onsdag 19. desember 2018

Ja det kunne dei dyktige elevane ved Todalen skule i går kveld konstatere etter at dei for nesten fullsett gymsal framførte dramatiseringa » Albert og julemånen» på juleavslutninga. Elevane har den siste tida jobba knallhardt med både replikkar og kostymer i forkant av årets forestilling. Alle klassene var med på oppsetjinga og dei hadde absolutt full kontroll både på tekst, song og sceneskift.

Dramatiseringa handla om den litt rebelske Albert som hverken ikkje trudde på julenissen eller var snill med medelevane og læraren sin. Han gjekk så langt at han sendte Nissen brev om dette og fekk natruleg vis svar tilbake. Han fekk grei beskjed om at han måtte vise at han ville bli snillare, slik at jula skulle bli berga. Oppgåva var å pusse månen til jul, og etter tredje forsøk klarte han jobben og alle medelevane kunne juble over at jula kom i år også.

Etterpå fekk smånissane frå barnehagen entre scena med sitt innøvde dansenummer. Dei fekk litt hjelp frå dei minste på skulen slik at det ikkje vart riktig så skummelt å stå på den store scena. 

Ei gledeleg overrasking for dei frammøtte var også det nye lydanlegget som vart teke i bruk for aller første gong. Rektor Britt Mossing kunne fortelje at det var eit spleiselag mellom skulen, FAU og Todalen idrettslag. 

FAU-leiar Bjørn Gunnar Ansnes og rektor Britt Mossing framfor ein av to splitter nye høgtalarar som absolutt gorde at underhaldninga kom til sin rett etter mange år utan skikkeleg lyd frå scena. Og med ei lita utloddning også i går kom det fort inn nye 8000 kroner til nye prosjekt.

Under er eit lite bildegalleri frå kvelden. Alle foto ElinorB

Først publisert: 19. desember 2018, 05:21 - Sist oppdatert: 18. desember 2018, 22:45