Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På’n igjen i biblioteket

Jon Olav Ørsal Måndag 27. august 2018

Nytt semester for Karen Johanne Talgø og biblioteket i Todalen. Biblioteket hadde sin første opningsdag måndag 20. august, og er ope kvar måndag utover hausten i tidsrommet 18.00 – 20.00. Unntaket er haustferieveka, for da tek biblioteket ferie også. Karen Johanne fortel at det er bra utlån i Todalen bibliotek – spesielt er borna flinke til å låne med seg bøker heim.

Biblioteket har alle slags litteratur, og det dei ikkje har på lager skaffer Karen Johanne frå hovudbiblioteket i Surnadal, eller frå andre bibliotek som har de aktuelle bøkene på lager. Det er uansett gratis å låne bøker, no som det går mot mørke kveldar kan det være godt å ha ei god bok på lur.  Biblioteket har både lydbøker, videoar og tidsskrift til utlån i tillegg til stor variasjon i forskjellige bøker.

Publisert: 27. august 2018, 19:22