Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange nye bøker frå Sanitetsforeninga til Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Fredag 4. oktober 2019

Todalen sanitetsforening fekk i 2018 midlar frå Egmont-stiftelsen for å fremje interesse for bøker og litteratur og stimulere til større leselyst hos barn og unge. Fredag før haustferien var den store dagen da May-Elisabeth Holten frå Sanitetsforeninga kom med bokgåva for 2019. Ikkje mindre enn 26 splitter nye og fine bøker hadde ho med seg.

May-Elisabeth presenterte dei nye bøkene. Ho fekk god respons frå elevane som viste stor interesse for bokgåva. Foto: Dordi J H

May presenterte bøkene for elevane som var både engasjerte og interesserte. Det kom mange begeistra kommentarar etter kvart som bøkene vart viste fram. Somme bøker var kjende frå barne-TV, og her var interessa stor! Faktabøker er populære, spesielt fenga ei ny bok om dinosaurar godt, likeså ei bok om ville dyr, bøker om verdsrommet, «Boka om alt», «Viktige kart», men også spenningsbøker og fantasibøker vart godt mottekne. Men da boka med tittelen «Kyssekatastrofer» vart vist fram, var skepsisen stor.

Elevane ville gjerne låne dei nye bøkene med ein gong. Men bøkene må først registrerast, altså kan elevane glede seg til første bibliotekdag etter haustferien; da er det nok råd å få låne ny-bøkene.

Leiaren i elevrådet takka Sanitetsforeninga for bokgåva. Han og alle elevane set stor pris på ei slik flott gåve! Foto: Dordi J H

May kunne fortelje at Sanitetsforeninga gjennom prosjektet «Leseven» har fått 20 000 kroner frå Norske Kvinners Sanitetsforening. NKS har motteke midlane frå Egmontstiftelsen. Egmont er eit forlag som mellom anna gjev ut vekeblad, magasin og teikneseriar i både Noreg og Danmark, og forlaget deler ut midlar til gode føremål kvart år.

Todalen oppvekstsenter, både skule og barnehage, har fått bokgåver både i 2018 og 2019. I alt har oppvekstsenteret fått om lag 100 bøker av god kvalitet. Dette er  svært kjærkome, kunne rektor Britt Mossing fortelje. Biblioteket ved oppvekstsenteret får langt fleire bøker frå Sanitetsforeninga enn dei har råd til å kjøpe sjølve. Bøker er viktige; dei gir kunnskap, spenning, glede og nye perspektiv.  Nye og gode bøker stimulerer leselysta!

May fortel at 3 medlemer frå Sanitetsforeninga vekslar på å lese ved Oppvekstsenteret ein gong i veka, det gjeld både skule og barnehage. I tillegg til May er Karen Johanne Talgø og Maren Ansnes med i lesevengruppa i Saniteten.

I haust er det 28 elevar ved skulen, det er bra! Da artikkelskrivaren starta som lærar ved Todalen skule i 1973, var elevtalet 30. 

Og endeleg vart det tid for å låne bøker! Foto: Dordi J H

 

Publisert: 4. oktober 2019, 17:56