Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Mitt Prosjekt 1 »

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. juli 2020

FAU ved Todalen skule hadde som tidlegare nemnt planer om ei stor markering i samband med at «ny skulen» i Todalen i år er 100 år. Koronasituasjonen sette som kjent ein effektiv stoppar for jubileumsfeiringa, men som eit «lite plåster på såret» gjekk FAU i april ut og inviterte tidlegare elevar ved Todalen skule til å levere inn bilete og nokre ord om eit sløyd- eller handarbeidsprosjekt dei hadde laga ved Todalen skule. Responsen var ikkje den heilt store, men nokre prosjekt kom det inn. I vekene som kjem vil vi presentere desse her på todalen.no.

Handarbeidspose – sett frå baksida med initialane MR (Margit Ramsøy). Foto: IB

Først ute er ein handarbeidspose laga av Margit Ramsøy som var fødd i 1918 og voks opp i Ramsøya. Ho vart seinare gift Bruset og flytta til Brusetnesset. Dotra Ingri har teke vare på handarbeidsposen. Margit laga denne truleg i 5.klasse skuleåret 1929/30, altså for omtrent 90 år sidan.

Vi har og teke med eit rundt 90 år gamalt skulebilete frå Todalen skule teke rundt 1930. Her ser vi det som då vart kalla «storskulen» 5-7.klasse. Margit sit som nummer to frå høgre på første rekkje.

 

Først publisert: 17. juli 2020, 20:00 - Sist oppdatert: 18. juli 2020, 06:45