Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulejubileum «Mitt prosjekt 3»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. juli 2020

Denne gongen er det Randi Sogge (fødd Halset frå Furuhaugen) sin handarbeidspose vi skal presentere. Randi laga handarbeidsposen sin i 4.årstrinn (første året i storskulen) i 1953. Læraren i handarbeid ved Todalen skule på den tida var Aslaug Ramsli. Randi kan og fortelje at ho seinare hadde Brit Ørsal (fødd Ansnes) i handarbeid, og då føregjekk undervisninga heime hjå Brit i Utigarden på Ørsal. 

Handarbeidspose tilhøyrande Randi Sogge. Foto: RS

Randi vart seinare sjølv utdanna til lærar og ho starta si lærargjerning ved Todalen skule skuleåret 1965/66. Det var ho som var handarbeidslærar då Ingri Bruset laga sin handarbeidspose i 1965, som vi skreiv om sist veke. 

Randi arbeidde som lærar i heile sitt yrkesaktive liv. Ho starta som tidlegare nemnt som lærar ved Todalen skule i 1965. Frå 1966, etter at ho gifta seg med Vidar Sogge og flytta til Melhus i Lykkjebygda, vart ho tilsett som lærar ved Stangvik skule Evenshaugen, men ho hadde skuleåret 1966/67 delt arbeidsstad mellom Stangvik og Todalen skular. Randi vart verande ved Stangvik skule som lærar heilt fram til ho gjekk av med pensjon i 2004.

Fotomontasje – kaffekos på lærarrommet 1966. Foto og montasje: RS

Først publisert: 30. juli 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 29. juli 2020, 21:40