Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mobiliserer til korpsmusikk på nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mai 2023

17. maifeiring uten korpsmusikk det går ikkje an  – i fleire år har veteranar frå Stangvik skulekorps stilt opp og sørga for korpsmusikk til togent i Todalen.  I kveld var det øving på kantina på Talgø, og her var det 6 personar som møtte.   Det er i minste laget, seier Ingeborg Myrvang som er «primus motor» for  17.-korpset .  Vi mangler nokre grunnstemmer for å få det til å låte bra, så vi setter vår lit til at vi klarer å lokke med oss nokre fleire til å kome med i siste liten. 

Vi skal ha ei øving til, så det er berre å ta kontakt med Ingeborg Myrvang, så blir det alltids ei råd  – og så blir vi glade dersom vi får med oss fleire. Korpset skal følgje folketoget som skal gå frå kyrkja og nedover til Bordholmen etter gudstenesta.  Så – ta kontakt med Ingeborg på 906 28 063, så blir dette bra, trur vi!

 

Publisert: 8. mai 2023, 19:52