Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen barnehage stengt, men ikkje lagt ned

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. august 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune i dag, blir vi informert om at Todalen barnehage blir stengt frå 1.august 2021, altså for tre dagar sidan. Ungane ved barnehagen vil få tilbod om plass ved andre barnehagar i kommunen. Barnehagen er stengt, men ikkje lagt ned. Dette inneber at dersom det blir nok ungar seinare, så vil barnehagen bli opna att. Pressemeldinga kan du lese nedanfor:

– Kommunestyret gjorde hausten 2018 eit vedtak omkring minimumsgrenser for barne-/elevtalet ved hhv. Todalen barnehage og Todalen skule.  Dette vedtaket vart den gongen godt motteke av lokalsamfunnet i Todalen, ved at det gav ein forutsigbar situasjon omkring vidare drift.

– Elevtalet har gradvis gått ned og etterkvart under denne fastsette grensa på 20 elevar, med det som resultat at skulen vart samanslått med Stangvik skule frå og med skuleåret 2021/2022.   

– Når det gjeld barnehagen var vedtaket «dersom barnetalet ved Todalen barnehage blir fire eller mindre, blir barnehagen samanslått med Stangvik barnehage pr 01.08 det året dette eventuelt skjer».  

– Ved opptaket pr 1. august 2021 er dessverre situasjonen slik at det er berre 3 barn som har søkt og fått tildelt plass ved Todalen barnehage i kommande barnehageår.   Dette betyr i praksis at grensa i vedtaket frå kommunestyret slår inn, og barnehagen blir dermed stengt.  Dei aktuelle familiane/ungane får tilbod om plass ved Stangvik barnehage.   

– Leiinga ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter har i løpet av tysdag 3. august informert aktuelle familiar om situasjonen.  Det same gjeld sjølsagt også dei tilsette ved Todalen barnehage – som alle får tilbod om jobb ved Stangvik barnehage.

– Administrativ og politisk leiing har drøfta den oppståtte situasjonen i felles samtalar dei siste dagane, men vi ser dessverre ikkje grunnlag for fortsatt drift.  Noko som betyr at vedtaket frå 2018 blir lagt til grunn for stenginga.   

– Det blir likevel poengtert at barnehagen er stengt , og ikkje nedlagt. Dersom situasjonen skulle endre seg betydeleg i positiv retning på eit seinare tidspunkt, kan det vere aktuelt å vurdere behovet på nytt.

– Ordførar og kommunedirektør har allereie invitert seg til eit møte med Todalen Grendalag i slutten av august, der temaet i utgangspunktet var å drøfte framtida for skulebygget.  Det vil også vere naturleg å drøfte barnehagesituasjonen på kort og lang sikt i dette møtet. 

– Kontaktperson for Surnadal kommune er fungerande ordførar Hugo Pedersen (mobil 911 29 434).

 

Surnadal kommune, 4. august 2021

Margrethe Svinvik, ordførar
Hugo Pedersen, varaordførar / fung. ordførar
Tove Mogstad, leiar i Hovudutval for oppvekst
Knut Haugen, kommunedirektør
Astrid Mogstad Høivik, kommunalsjef oppvekst
Gro Kvammen Sæter, einingsleiar Todalen og Stangvik oppvekstsenter

Publisert: 4. august 2021, 12:39