Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heftig kløverstafett mellomlanda i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. juni 2021

I dag har Kløverstafetten mellomlanda i Todalen på sin tur som går landet rundt.  Det er i høve 125-årsjubileet til NKS (Norske Kvinners Sanitetsforening) at denne landsdekkjande stafetten arrangerast, og no i dag var det altså Todalen sanitetsforening sin tur til å markere arrangementet.  Stafettpinnen kom ved god hjelp av Tor Olav Vatn frå Talgø Tradbo og Nils Ove Bruset hos Talgø Bygg frå Straumsnes til Todalen i morgontimane torsdag. 

Først i toget var Solveig i finstasen med Jorunn Barnehagå på slep. Foto: Jon Olav Ørsal

I føremiddag var det høgtideleg overrekking da Nils Ove sendte stafettpinnen vidare med Ella frå Todalen barnehage til sanitetens arrangement i gapahuken i Båthølen.  Leiar i Todalen Sanitetsforening, Maren Ansnes,  fortalte at dette var starten på arrangementet i Todalen, og at ferda vidare til Båthølen gikk til fots eller med sykkel i ei slags togmarkering, der både gammel og ung var invitert til å delta i markeringa.

vel framme i Båthølen var det sjølvsagt traktering – og det var sjølvsagt stor stas. Foto: Jon Olav Ørsal

Ved gapahuken i Båthølen var det samling og enkel traktering med flotte fruktfat og yoghurt til alle som deltok, og det vart ei triveleg markering av NKS-jubileet før stafettpunnen skulle leverast vidare på si ferd.  I dag ber det vidare til Surnadal, der Surnadal Sanitetsforening skal markere jubileet, før det ber vidare på ferda.  Stafetten skal til slutt ende opp i Tromsø, der 125-årsjubileet til NKS skal markerast i samband med landsmøtet i slutten av september.  Når det lir så langt har stafettpinnen vore innom alle landets sanitetsforeningar.  

Nedafor finn du bildegalleri frå dagens stafettveksling.  Den var behørig feira i gapahuken i Båthølen – her treffer du kanskje kjentfolk?  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Stafettboka_1629

Picture 1 of 8

Marit S. Søyset og Jorunn Husby studerer stafettboka som følgjer stafettpinnen på turen landet rundt.

Publisert: 24. juni 2021, 11:38