Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin og lun advendtstund på Evenshaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. desember 2022

I går kveld inviterte Foreldrearbeidsutvalet (FAU), elevane og dei tilsette ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen foreldre og søsken til adventstund. Elevane, med hjelp frå lærarane, hadde laga underhaldning med sketsjar, dans og songar, der temaet sjølvsagt var jul, og som dei framførte under adventstunda.  

Magnar og Trygve Aleksander var kveldens konferansierar og guide oss sikkert gjennom programmet.  

Første og andre årstrinn song songen «Jul i Svingen». Foto: B G Ansnes

Først ute var første og andre årstrinn. Dei song songen «Jul i Svingen».

Fjerde årstrinn framførte sketsjen «Den lure nissen». Foto: B G Ansnes

Så var det fjerde årstrinn som framførte sketsjen «Den lure nissen».

Femte årstrinn song og dansa. Foto: B G Ansnes

Femte årstrinn song og dansa.

Sjette årstrinn framførte tre sketsjar. Foto: B G Ansnes

Sjette årstrinn framførte tre sketsjar og ein song.

Tredje og sjuande årstrinn song og framførte ein sketsj. Foto: B G Ansnes

Sjuande årstrinn, som hadde si siste adventstund ved Evenshaugen før dei flyttar til ungdomsskulen, framførte, saman med tredje årstrinn, sketsjen «den tause julenissen» og song «Glade jul».  

Til slutt song alle elevane Wenche Myhre sitt julepotpurri. Foto: B G Ansnes

Til slutt song alle elevane eit julepotpurri av Wenche Myhre, som sette eit verdig punktum på ei bra og variert underhaldning.

Etter at programmet var ferdig, vart det servert kaffe, saft, mat og julebakst. FAU hadde ordna med kaffe og saft, medan det var foreldra som hadde med mat og julebakst. Det var også loddsal, der inntekta gjekk til FAU sitt arbeid. Ei fin og lun adventstund på Evenshaugen vart avslutta med loddtrekning.  

Publisert: 9. desember 2022, 07:20