Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Korleis skal vi bruke barnehage- og skulebygget i framtida

Jon Olav Ørsal Sundag 29. mai 2022

Surnadal kommune ønskjer ein dialog med lokalbefolkninga i Todalen om framtid bruk av barnehage- og skulebygget, og inviterer difor til møte for å få positive innspel og gode idear frå bygdefolket.Møtet skjer måndag 30. mai kl 19:00 i gymsalen i skulebygget i Todalen.  Frå Surnadal kommune kjem ordførar og kommunedirektør, og truleg 1-2 personar til frå administrasjonen.  I tillegg er formannskapet invitert til møtet. 

Møt fram og kom med idear og meiningsytring om kva vi kan nytte bygningsmasse og tomteareal til i framtida.  Møtet arrangerast i samarbeid med Todalen Idrettslag. 

Barnehagebygget i Todalen – foto Jon Olav Ørsal

Ballbingen som er lokalisert på skuletomta, mellom barnhagebygget og skulebygget. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. mai 2022, 19:00