Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag er det skulestart

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. august 2021

Måndag 23.august er det skulestart for elevane i grunnskulen i Surnadal kommune. At skuleåret 2021/22 tek til så seint, heng saman med at skuleruta i grunnskulen, følgjer skuleruta for den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal, og at dei og har ein sein skulestart i år. Alle skulane startar på grønt nivå, med tanke på smittevernreglar. Dette betyr at det blir vanleg organisering av klassegruppene og skulekvardagen. 

 

Sjølv om ein kan vere saman på ein friare måte, vil det framleis vere nokre smitteverntiltak som gjeld for både barn og tilsette i grunnskulane.

Desse smitteverntiltaka gjeld framleis (frå FHI):

  • God hand- og hostehygiene.
  • Unngå handhelsing og klemming.
  • Halde seg heime ved nyoppståtte symptom og sjukdom
  • Låg terskel for å teste seg.

For foreldremøter og andre arrangement utover vanlege undervisningsopplegg, skal ein følge dei nasjonale smittevernråda for arrangement.

Det er òg under vurdering å innføre hurtigtesting av elevar. Dette vil det bli sendt ut meir informasjon om når det eventuelt er avklart. Inntil vidare kan ein bestille koronatest på vanleg måte via https://c19.no/

For grunnskuleelevane i 1. – 7.årstrinn frå Todalen, vil denne dagen bli litt meir spesiell enn ein vanleg skulestart. Klokka 8:25 ringer nemleg skuleklokka inn til første time ved Stangvik skule, som frå da av blir grunnskuleelevane frå Todalen sin skule, etter at Todalen skule vart lagt ned frå siste skuledag, den 18.juni i år. 

Elevane frå Todalen har vore på fleire besøk ved Stangvik skule og kjenner difor sine «nye» medelevar godt allereie. Så den største spenninga med å skifte skule, er nok allereie utløyst. Men uansett er første skuledag i eit nytt skuleår noko som er spennande. 

Da attstår det berre å ønske elevar, lærarar og andre tilsette i skulen, eit riktig godt nytt skuleår.  

Publisert: 19. august 2021, 11:00