Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kan det bli meieridrift i Todalen skule?

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2023

I ei pressemelding frå Todalen Meieri blir det informert om at selskapet er i forhandlingar med Surnadal kommune om å overta bygningsmassen til Todalen skule.  Plana vidare er å etablere verksemda til Todalen Meieri der.  Dei har lege i startgropa for å etablere meieriverksemda i eigne lokalar heime i Utigarden på Kvennset – no kan planane bli endra. Lokala til Todalen skule har stått tomme sia skulen vart nedlagt i 2021.

No ønskjer altså Todalen Meieri å kjøpe skulen, og var sist torsdag i møte med Surnadal kommune om denne saka, som det har vore jobba med sia skulen var nedlagt.  På møte for ein månads tid sia vart det einigheit om at den beste løysing kanskje var å rive skulebygninga. No blir det kanskje nytt liv og meieridrift i lokala. 

Dei som står bak Todalen Meieri AS er Hallvard Kvendset, Olaug Kvendset, Anders Gjeldnes og Asgeir Longva. Foto Todalen Meieri

I pressemeldinga vi har fått frå Todalen Meieri skriv dei mellom anna:

« I Utigarden på Kvendset har bygging av meierilokale allereie starta. Så dukka ideen om at skulebygget var ein ideell stad for å realisere meieriverksemda. Med små tilpassingar kan produksjonen kome raskt i gong. Plana er i fyrste omgang å nytte garderobar/dusj i tillegg til biblioteket, som produksjonsdel.

Utviklingsmoglegheitene vil bli mykje større i skulebygget enn kva dei er på tiltenkt plass i fjøset i Utigarden. Og det vil medføre at planane om butikk med sal av lokale varer vil bli raskare realisert. Todalen Meieri har og ei bra samling av gamalt meieri- og seterutstyr som dei ynskjer å lage ei museumsutstilling av.

Det er ikkje planer om å gjere endringar på gymsalen, slik at han kan nyttast til trim og diverse arrangement.  – Saka ligg no hos Surnadal kommune, som har vore særs positive til planane.»

Dermed kan det bli ei ny utvikling i saka om kva som skal skje med bygningsmassen på Todalen skule.

Todalen skule sett frå Pilskarvegen – hovudhuset er frå 1920-talet, medan garderobe og gymsal vart bygd straks før århundreskiftet. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. august 2023, 11:42