Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktivitetsdag på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. juni 2022

I dag tok Todalen og Stangvik oppvekstsenter, som til vanleg er lokalisert på Evenshaugen, turen til Todalen for å ha aktivitetsdag på Bordholmen stadion. Her var det mange gjennomført mange forskjellege aktivitetar dei knappe fire timane dei hadde til rådigheit. 

Dagens lunsj var grillmat. Foto: B G Ansnes

Oppvekstsenteret hadde sikkert lese og sjekka vêrmeldingane nøye, for vêrgudane varta opp med fint og varmt vêr!

Snart klart for servering av lunsj. Foto: B G Ansnes

I lunsjen vart det grillmat, noko som var populært. Og som om ikkje det var nok, så vart det også dessert etter lunsjen, da Todalen Idrettslag spanderte is på alle saman. 

Det vart spela tennig. Foto: B G Ansnes

På Bordholmen er det mange forskjellege aktivitetar å halde på med, i tillegg til ein fin og velstelt fotballbane. Så det var vel vanskelegare å velje kva ein skulle halde på med, framfor å i det heile finne på noko!

… og sparka fotball. Foto: B G Ansnes

Det vart sykla, spela tennis, kasta frispeegolf, sparka fotball, dissa og meir til. Det vart også tid til å gå Toåa tursti og litt klatring i klatrerommet inne i reiskapshuset på Bordholmen stadion. 

På tur i Toåa tursti. Foto: Britt Mossing

Det såg ut til at alle kose seg og hadde ein fin aktivitetsdag på Bordholmen stadion og i Todalen.  

I Gunnøya. Foto: Britt Mossing

 

Publisert: 17. juni 2022, 13:00