Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


Bakken er snart klar for bruk, i Todalen…

Elinor Bolme Sundag 3. januar 2016

Dei lokale snøprodusentane Bergli og Ranes melder om fine forhold i akebakken på skulen no i kveld. Dei har i tråd med vêrmeldingane og muligens ved å følgje med på konkurrentane ved større anlegg, sett snøkanonen i full produksjon ved akebakken i Todalen Oppvekstsenter.


Og no: JULEFERIE

Elinor Bolme Tysdag 22. desember 2015

Det kan i alle fall ungane både ved både Todalen og Stangvik oppvekstsenter seie i dag. I går var dei nemleg samla til felles juleavslutning i Todalen. Først møttes dei til felles julegudstjeneste i Todalen kyrkje, før dei alle tok turen til Todalen skule for felles lunsj og litt sosialt samvære før dei for kvar til sitt.


Triveleg adventskveld med underhaldning til terningkast 6!

Dordi Jorunn Halle Fredag 18. desember 2015

Torsdag kveld inviterte små og store ved Todalen oppvekstsenter i lag med FAU til adventskveld. Det var program frå scena, juletregong, nissar og kaffelag.  Dei mange frammøtte fekk ein underhaldande og triveleg kveld! Kvelden opna med allsong av «Det lyser i stille grender» –  triveleg å synge julesongar i lag!  Deretter las elevar frå tredje […]


Tok ein pause i julestrida

Jon Olav Ørsal Sundag 13. desember 2015

Søndag ettermiddag var det tid for å ta ein pause i julestrida og treffast til sosialt lag i Todalen ungdomshus. Ragnhild Ansnes Moe kunne ønske nærare hundre sambygdingar velkomen til denne adventkafeen og spesielt velkomen til dei er nye innflyttarar. Dei eldste i barnehagen og skuleungane markerte starten på arrangementet med Luciatog og flott song på Luciadagen.


Feira, pynta og planlegg avslutning til jul…

Jon Olav Ørsal Fredag 11. desember 2015

Fredag har dei rydda og forebudd seg på juleavslutning i skulen, fortel rektor Torill Gjeldnes. I tillegg har dei kosa seg og feira litt at skulen ikkje blir nedlagt til hausten – det vart servert is til heile gjengen i dag. med god hjelp frå foreldra vart det pynta med lys på uteområdet, så no sig julestemninga innpå etter kvart som jula nærmar seg. Årets juleavslutning blir torsdag 17. desember kl. 18:00


Skulesaka: Todalsskulen legges ikkje ned neste år..

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. desember 2015

I dagens kommunestyremøte har neste års budsjett stått på agendaen, og den viktigaste saka for todalssamfunnet er sjølsagt spørsmålet om nedlegging av Todalen skule. Etter debatten i dagens møte fall forslaget om å legge ut dette som høringssak med 15 mot 12 stemmer…


I dag er det adventskaffe i Ungdomshuset!

Elinor Bolme Torsdag 10. desember 2015

Søndag ønsker Todalen Sanitetsforning, Todalen Historielag, Todalen IL, FAU, PT-utvalget, Skustuas venner og Start 4H til velkomne til adventskaffe i ungdomshuset. Der blir det muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.


Adventskaffe også i år

Elinor Bolme Laurdag 5. desember 2015

Også i år ønsker ulike lag og organisasjonar velkomne til adventskaffe i ungdomshuset der det blir muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.

Arrangementet er lagt til luciadagen den 13. desember, og i den anledning blir det naturlegvis eit luciatog av dei eldste i barnehagen og alle skuleungane.


Adventstid i barnehagen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2015

Søndag var det første søndag i advent, og da var det nok mange som tente det første adventlyset rundt om kring i heimane. I Todalen barnehage starta dei adventstida i går, og Jorunn Nordvik har send oss eit par bilder som vi har lagt ut..


Skuleborna på gardsbesøk til Viastua

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2015

Sluleborna har ei allsidig læreplan, og mellom anna skal dei lære om det som foregår rundt om kring i bygda og gjera seg kjent.  For eit par dagar sia tok dei ut på utflukt til Kvennset og tok da inn i Viastua for å sjå kva dei heldt på med der. Dei hadde avtale omvisning […]


Høgre går for utsettelse i skulesaka

Elinor Bolme Fredag 20. november 2015

Todalen.no har i ettermiddag vore i kontakt med Høgre sin representant i kommunestyret i Surnadal kommune, Marit Granhus Langli. Ho var desverre var forhindra frå å møte i Todalen i går kveld, men stilte gjerne på ein prat om kva hennar parti meinar vedrørande skulenedleggingssaka i Todalen. Ho kan fortelje at Høyre ønsker å sjå heilheita i den foreslåtte nedleggjinga av Todalen skule. -Det betyr ikkje at vi fredar skulen for ein fireårsperiode, men vi kan kanskje utsette dette til hausten 2017, seier ho.


1-0 til Todalen, så langt.

Elinor Bolme Fredag 20. november 2015

Engasjement, temperatur, økonomi, bolyst, todalspatrotisme, de beste for bygda, hastesak, besparelsar, limet og hjertet i bygda, småpengar, tryggheit, oversiktleg, elevtal, vekst, kommuneøkonomi, ubetenksomt, livsnerven…. Dette er stikkord fleire kanskje sitt att med etter eit nesten tre timar langt folkemøte i Todalen skule i går kveld. Møtet var initiert av PT-utvalget, og alle dei lokale politiske […]