Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg adventskveld med underhaldning til terningkast 6!

Dordi Jorunn Halle Fredag 18. desember 2015
IMG_7373

Johan, Nora, Van Adrian og Ylva Synnøve les adventvers og tenner lys. Foto: Dordi J.H.

Torsdag kveld inviterte små og store ved Todalen oppvekstsenter i lag med FAU til adventskveld. Det var program frå scena, juletregong, nissar og kaffelag.  Dei mange frammøtte fekk ein underhaldande og triveleg kveld!

Kvelden opna med allsong av «Det lyser i stille grender» –  triveleg å synge julesongar i lag!  Deretter las elevar frå tredje og fjerde trinn adventvers av Inger Hagerup og tende fire lys. Flinke lesarar! Adventsstunda vart avslutta med songen «Tenn lys» av Eivind Skeide.

IMG_7391

Artige og flinke nissejenter og nissegutar frå barnehagen syng om Snømannen Kalle. Foto: Dordi J.H.

Da var det tid for barnehageungane. Dei dramatiserte og song «Snømannen Kalle». Sjarmerande og dyktige ungar! Det er farangtid, så det var nok enkelte som dessverre ikkje kunne stille. Trist å måtte vere heime ein slik kveld.

IMG_7409

Silkemusene Nicole Gunvor, Selma og Nils Erik har krope inn i skinnvotten. Foto: Dordi J.H.

IMG_7416

Her har musene fått besøk i votten av Friskefrosk Langelår, Haremann Hopsadans og Revemor Silkesvans.Det begynner å bli trongt om plassen. Foto: Dordi J.H.

Trinn 1,2,3 og 4 fortalde og dramatiserte eventyret eit ukrainsk eventyr «Skinnvotten» – festleg framført av dyktige aktørar i fine kostymer og fint sminka. Her møtte vi både Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hoppsadans, Revemor Silkesvans, Ulven Aldrimett, Villsvinet Trynebrett, Bamsefar Labbdiger, ein gammal mann, hunden hans og forteljarar. Flott levert!

IMG_7419

Her er Villsvin Trynebrett,Bjørn Labbdiger og ein av forteljarane, Nora. Foto: Dordi J.H.

IMG_7446

«BieberBoy» i fint driv! Foto: Dordi J.H.

Da var turen komen til dei eldste elevane – da vart det ellevilt på scena! Trinn 5,6 og 7 stilte med sjølvskrive skodespel med tittelen «Norske juletalenter». Dei imponerte med speleglede og viste stort talent for sceneopptreden! Både «Bieber Boy», «Rosabloggerne», «Fløyte-Brigt» , «Jan Thomas», programleiarar  og dommarane var kjempeflinke! Dei avslutta med «Julekveldsvisa» – stor songglede.

IMG_7434

Elleville rosabloggere! Foto: Dordi J.H.

IMG_7449

Fløyte-Brigt sjarmerte alle. Foto: Dordi J.H.

Etter kveldens prestasjonar på scena i skulen ser det lyst ut for rekruttering til romjulsrevyen framover!

IMG_7452

Jan Thomas delte ut terningkast. Foto: Dordi J.H.

Etter innslaga frå scena vart det gong rundet juletreet med stort engasjement, men plutseleg dukka det opp tre gode nisssar – for dei minste var det kveldens høgdepunkt!

IMG_7464

Trinn 5,6 og 7 avslutta programmet sitt med «Julekveldsvisa». Folk i salen song med. Foto: Dordi J.H.

Kvelden vart avslutta med triveleg kaffelag med god servering. Alt i alt ein svært velukka kveld! Både barnehageungane, elevane, foreldra og dei tilsette  i barnehagen og skulen kan vere stolte etter dette arrangementet!

IMG_7479

To som ventar spent på nissen, Nathalie Astrid og Martine. Foto: Dordi J,.H.

IMG_7485

Endeleg var det tid for nissar og pakkar. Foto: Dordi J.H.

 

 

 

 

 

Publisert: 18. desember 2015, 00:55