Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventstid i barnehagen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2015

Søndag var det første søndag i advent, og da var det nok mange som tente det første adventlyset rundt om kring i heimane. I Todalen barnehage starta dei adventstida i går, og Jorunn Nordvik har send oss eit par bilder som vi har lagt ut..

DSCF3563

Her er vi i gang med rollespel og Betleheimsstjerne. Foto: Jorunn Nordvik

Ho skriv: «I går starta vi adventstida i barnehagen med besøk frå Kyrkjekontoret. Aud Brynhild og Emelita fortalde og dramatiserte juleevangeliet. Etterpå fekk barna prøve seg i rollane som Maria, Josef, engel, gjetarar og heilage kongar. Barna hadde ei flott framsyning for oss heldige som var tilskodarar. Dei neste måndagane fram mot jul skal 4- og 5-åringane delta på adventstund saman med skuleborna.»

Publisert: 1. desember 2015, 21:03