Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Høgre går for utsettelse i skulesaka

Elinor Bolme Fredag 20. november 2015

Todalen.no har i ettermiddag vore i kontakt med Høgre sin representant i kommunestyret i Surnadal kommune, Marit Granhus Langli. Ho var desverre var forhindra frå å møte i Todalen i går kveld, men stilte gjerne på ein prat om kva hennar parti meinar vedrørande skulenedleggingssaka i Todalen. Ho kan fortelje at Høyre ønsker å sjå heilheita i den foreslåtte nedleggjinga av Todalen skule. -Det betyr ikkje at vi fredar skulen for ein fireårsperiode, men vi kan kanskje utsette dette til hausten 2017, seier ho.

Bakgrunnen for dette utsagnet er at kommunestyret i løpet av juni 2016 skal ta ei endeleg avgjerd i samband med kommunereforma. Ho meiner derfor at skulesaka som er skissert avgjort i kommunestyret mars -16, bør utsettast til ein ser korleis retning dette går. Det betyr at om dei får medhald i saka om utsetjing til etter vedtak om ny kommunesamansetjing blir, kan gi to resultat:

  • saka får ikkje fleirtal og skulen består
  • nedlegging frå tidlegast hausten 2017
MaritGLangli

Marit Granhus Langli vil ikkje forskuttere noko. Resultatet er fortsatt uviss, men prosessen så langt er feil. Foto: Amfi Drift AS

Publisert: 20. november 2015, 16:38