Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventskaffe også i år

Elinor Bolme Laurdag 5. desember 2015

Også i år ønsker ulike lag og organisasjonar velkomne til adventskaffe i ungdomshuset der det blir muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.

Arrangementet er lagt til luciadagen den 13. desember, og i den anledning blir det naturlegvis eit luciatog av dei eldste i barnehagen og alle skuleungane. I fjor var dette arrangementet tenkt å vera eit «bli kjent med Todaken» arrangement for nyinnflytta. Den gong fekk alle lag og organisasjonar litt taletid frå scena. I år er det sosiale som er sett i høgsetet, og difor mindre «opplegg».

Kari Kvendset i Todalen Sanitetsforening har samla resen av intereserte organisasjonar i bygda, og programmet er så å seie klart. Ho og resten av arrangørane håper dermed at bygdafolket tek seg tida til eit sosialt treff denne søndagen. Det er planlagt ei utlodning, der allt innkomne skal gå til flykniingesaka i ein eller annan form.

 

lucia adventskaffe

 

Les om fjordårets arrangement her: Internasjonal førjulskafé med fullt hus og stor stemning

Først publisert: 5. desember 2015, 20:00 - Sist oppdatert: 8. desember 2015, 00:47