Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skuletur til Rossåa settefiskanlegg

Britt Mossing, Todalen Oppvekstsenter Onsdag 28. oktober 2015

Vi var så heldige å få invitasjon frå Monika på Rossåa settefiskanlegg til stamfiskhuset ved Bjøråa for å sjå korleis stryking av fisk gjekk føre seg. Vi hadde tidlegare i haust møtt Monika og Bjørnar ved elva. Da var dei på på utkikk etter stamfisk.
Alle elevane på skulen fekk sjå korleis rogn frå holaks og mjølke frå hannlaksen vart stroke ut og blanda saman.

Mange tusen egg blir no tekne med til klekkeriet ved Rossåa. Vi ventar spent på å få høyre korleis det går, blir det mange fiskebabyar?

Som de ser av bileta var elevane godt førebudde, med ekstra tøffe verneklede. Dei følgje godt med, og ekstra artig var det når laksane vart tekne opp av kara med plask og skvetting. Dei vart roa ned med bedøving før strykinga. Det var godt å høyre at alle friske fiskar fekk ut i elva igjen etterpå.

Under er eit bildegalleri frå turen. Foto: Britt og Solvor

Publisert: 28. oktober 2015, 18:57