Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storveis oppmøte for Nepal

Elinor Bolme Onsdag 21. oktober 2015
Todalen Oppvekstsenter inviterte i ettermiddag til avslutningsfest på temaet Nepal. Elevane har den siste tida lært om korleis dei kan hjelpe andre born., og viste stolt fram dette i dag både frå scena og i form av plakatar og heimelaga salgsutstilling i gymsalen. I tillegg hadde dei lynlotteri og ordinær basar med mange fine gevinstar, både laga av elevane og sponsa av foreldre og bedrifter i bygda.
Inngangspengane på kr 50,- og alle salgsinntektene gjekk uavkorta til FORUT sitt prosjekt for born i Nepal og andre land i Asia og Afrika. Inngangsbiletten inkluderte både velsmakande linsesuppe og ris, kaffebrød og kaffe.
Under er eit lite bildegalleri frå ein hyggeleg ettermiddag. Alle foto ElinorB
Først publisert: 21. oktober 2015, 05:45 - Sist oppdatert: 20. oktober 2015, 22:01