Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Oppvekstsenter Arkiv

Vi fann 237 artiklar i dette arkivet.


Laurdag: Familiedag på skulen

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. januar 2015

Laurdag 24. januar kl 12. Familiedagen som til vanleg er i Skulstuå, flyttar denne gongen til skulen det vi har fått lånt sløydsalen og heimkunnskapsrommet i 2. etg. Der blir det anledning til å lage seg ein fuglekasse eller prøve seg på litt tekstilarbeid. På heimkunnskapsrommet (kjøkkenet) blir det servert kaffe/saft og noko og bite […]


Ope bibliotek i kveld

Elinor Bolme Torsdag 15. januar 2015

Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att etter juleferien. Det blir fortsatt ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.


Utelunsj på Oppvekstsenteret

Elinor Bolme Onsdag 14. januar 2015

Frå Britt Mossing ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått nokre bilder frå markeringa dei hadde for oppstarten på Friluftslivets år ved oppvekstsenteret i går.


Internasjonal førjulskafè – med fullt hus og god stemning

Jon Olav Ørsal Sundag 14. desember 2014

Laurdag ettermiddag var det tid for førjulskafè i Todalen ungdomshus. Det var Start 4H, FAU, PT-utvalet, idrettslaget, bondelaget og saniteten som hadde invitert sambygdingane til felles arrangement. Dei var spente på om folk hadde tid til eit lite avbrekk midt i julestrida, men det trong dei ikkje bekymre seg for.


Juleavslutning i skule og barnehage….

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. desember 2014

Tida går fort mot jul, og onsdag 17. desember kl 18.00 inviterer skulen og barnehagen til juleavslutning i gymsalen på Todalen skule. Der blir det litt av kvart å sjå og høyre, der borna vil underhalde og sjølvsagt litt traktering. Det er nok visse forventningar til at nissen dukkar opp også, ettersom vi forstår!


Ferske nyheiter til sals

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2014

I dag er det premiere for den nye avisa som 5-7 klasse ved Todalen oppvekstsenter har laga. redaksjonsmedlemane hadde rigga seg til på Matkroken, der dei byr fram den flotte avisa til dei som stikk innom butikken. Vi har kika gjennom avisa som er trykt i fargar på alle sidene, og anbefaler alle å kjøpe – og lese TA-Avisa. Fredag foregår salet fram til kl 14 og laurdag er det folk tilstades mellom kl 12 og 15.


TS AVISA – Ein konkurrent på papir?

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. november 2014

Onsdag gikk det første nummeret av TS AVISA i trykken. Dei 7 elevane i 5-7 årstrinn ved Todalen Oppvekstsenter presenterte den nye laussalsavisa med 30 sider med aktuelt stoff frå skulen på ein introdusert pressekonferanse på trykkeriet som er fargekopimaskina på Talgø. Det var ein entusiastisk gjeng som etterkvart som eksemplara kom ut frå «pressa» og dei kunne ba gjennom den nye avisa og godkjenne resultatet. Førstkomande fredag og laurdag blir det sal av aviser på Matkroken Todalen – med ferskt nyheitsstoff.


Til tider stillt på bibliotekkvelden

Elinor Bolme Torsdag 13. november 2014

I kveld arrangerte FAU ved Todalen Oppvekstsenter saman med biblioteket ein utvida bibliotekkveld. Mange små med følgje møtte opp og fekk både litt litteraturpåfyll, og leika litt. Det var filmframvisning av godt gammaldags eventyr med Askeladden og de gode hjelperne, fruktservering og ein god prat over ein kaffekopp for dei vaksne.


Utvida bibliotekkveld

Elinor Bolme Fredag 7. november 2014

Førstkommende torsdag arrangerer Todalen bibliotek og FAU ved Todalen Oppvekstsenter bokkveld på skulen. Det er da ein litt utvida bibliotekkveld med lesestund, filmvisning og noko godt å bite i til dei frammøtte.   Det er også anledning til å kjøpe gamle bøker frå eit rikhaldigt lager.


Ei aktiv veke på skulen

Britt Mossing Måndag 22. september 2014

Veka som gikk var det mange aktivitetar på skulen. Måndag var heile skulen på tur til Vorpneset. Der vart vi godt mottekne av ein flokk nysgjerrige kyr som hadde lyst på kos og klapp. Området vart godt undersøkt med leik i skogen og leiting etter krabbar, skjel og smådyr i strandkanten. Det var og dei som prøvde fiskelykka.


Besøkte brannstasjonen og lærte om brann

Britt Mossing Sundag 21. september 2014

Denne veka har barnehagen og 1. og 2.klassen lart om brann og sikkerheit. Det er viktig å kunne litt om det dersom situasjonen oppstår, og kva ein kan gjera. Dei eldste i barnehagen hadde bedd med 1. og 2. klassen på turen til Surnadal brannstasjon. Vi fekk omvisning av Jon Nordvik som viste fram brannbilane og redningsutstyret. Vi fekk sjå varmesøkande kamera, brannbåt og tankbil. I tillegg viste han kor viktig det er å feste sikkerhetsbeltet på rett måte når ein skal køyre bil og buss.


Stordag i barnehagen

Elinor Bolme Torsdag 18. september 2014

Tysdag hadde barnehagen besøk av NAF og politi. Dei hadde fokus på sikring av barn i bil, bruk av bilbelte og bruk av refleks når ein ferdast ute. Det er viktig å få inn gode vanar tidleg, og det var eit lydhørt publikum dei snakka til.