Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til tider stillt på bibliotekkvelden

Elinor Bolme Torsdag 13. november 2014

I kveld arrangerte FAU ved Todalen Oppvekstsenter saman med biblioteket ein utvida bibliotekkveld. Mange små med  følgje møtte opp og fekk både litt litteraturpåfyll, og leika litt. Det var filmframvisning av godt gammaldags eventyr med Askeladden og de gode hjelperne, fruktservering og ein god prat over ein kaffekopp for dei vaksne.

image

Stille som mus i foajeen under filmframvisninga

 

Bibliotekansvarleg er Karen Johanne Talgø i år også, og ho kan melde om gode utleigetal, stort sett kvar gong. Her kan ein både låne bøker frå filialen i Todalen, og frå hovedfilialer på Skei. Har ho ikkje boka du er på utkikk, kan den enkelt skaffast frå biblioteket frå Skei til neste utleigekveld.

Ein kan også gjere eit bokkupp. Her er det salg av gamle bøker, til gibortpris!

Kristian Gjeldnes, Ingri Bruset og Dordi Jorun Halle saumfarer titlane for å sjå om det er noko dei ikkje har på lager sjølv.

image

Karoline Talgø Brøndbo og Silje Øyen fordjupar seg i den tidløse boka «hvor er Willy?» i ro og fred.

 

Publisert: 13. november 2014, 23:00