Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TS AVISA – Ein konkurrent på papir?

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. november 2014

Redaksjon var nøgd med den nye papiravisa. Frå venstre Sindre, Bror, Henrik, Kristian, Erik, Lars, Karoline og Anja som er kontaktlærar.  Foto: Jon Olav ØrsalOnsdag gikk det første nummeret av TS AVISA i trykken. Dei 7 elevane i 5-7 årstrinn ved Todalen Oppvekstsenter presenterte den nye laussalsavisa med 30 sider med aktuelt stoff frå skulen på ein introdusert pressekonferanse på trykkeriet som er fargekopimaskina på Talgø. Det var ein entusiastisk gjeng som etterkvart som eksemplara kom ut frå «pressa»  og dei kunne ba gjennom den nye avisa og godkjenne resultatet. Førstkomande fredag og laurdag blir det sal av aviser på Matkroken Todalen – med ferskt nyheitsstoff.

Pressa går_0821

Avisa – direkte frå pressa. Frå venstre Henrik, Lars, Kristian, Karoline, Sindre, Bror og Erik. Foto: Jon Olav Ørsal

På pressekonferansen kunne dei fortelje at dei sjølve hadde ideen til å lage avis. Dei starta planleggjinga alt i august, og har jobba mykje i denne tida for at produkstet skulle bli bra og kva stoff dei skulle ha med. Kontaktlærar har vore konsulent for prosjektet og hjelpt til litt med gode råd og eller litt praktiske ting. Den nye avisa inneheld både nyheitsstoff, sport og portrettintervju i tillegg til både quiz, mattenøtter og kryssord. Ein seksjon med eventyr har det også vorte plass til.

På spørsmål om kor ofte avisa kjem ut, så virka det som spørsmålet kom litt stoms på, men etter litt diskusjon rundt bordet var det klart at det sannsynleg vis kjem eit nytt nummer utpå etterjulsvinteren ein gong. Men vi skjønar godt at det er vanskeleg å planleggje det alt no, før ein får sjå korleis salsresponsen blir.

Fredag kl 12-14 og laurdag kl 12-15 er det berre å møte opp på Matkroken Todalen for å kjøpe den nye laussaalsavisa.  Den kostar ein hundrelapp, men all salsinntekta skal gå til finasiering av skuletur i løpet av våren, og den skal være med overnatting vart det slege fast på pressekonferansen.  «Løp og kjøp» folkens!

InfoCarina_0827

Etterpå vart det tid til litt informasjon om Talgø med Carina Talgø. Kanskje det etter kvart blir jobbmulegheit hos Talgø etter kvart? Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. november 2014, 06:00