Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei aktiv veke på skulen

Britt Mossing Måndag 22. september 2014

Veka som gikk var det mange aktivitetar på skulen.  Måndag var heile skulen på tur til Vorpneset. Der vart vi godt mottekne av ein flokk nysgjerrige kyr som hadde lyst på kos og klapp. Området vart godt undersøkt med leik i skogen og leiting etter krabbar, skjel og smådyr i strandkanten. Det var og dei som prøvde fiskelykka.

Men stor overrasking da det vart funne flaskepost med avsendar frå Sunndalsøra. Ein innhaldsrik dag, og det gjorde ingenting at skodda låg litt lenge. Onsdag arrangerete vi skulejoggen der inntekta av ein frivillig joggetjuar går til SOS-barnebyar sitt arbeid i Mwanza i Tanzania. Vi fekk inn til saman 600 kr.

I bildegalleriet er det mange bilder frå aktivitetane i veka som gikk.   Alle foto: Britt Mossing

Publisert: 22. september 2014, 05:00