Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ferske nyheiter til sals

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2014

I dag er det premiere for den nye avisa som 5-7 klasse ved Todalen oppvekstsenter har laga. redaksjonsmedlemane hadde rigga seg til på Matkroken, der dei byr fram den flotte avisa til dei som stikk innom butikken. Vi har kika gjennom avisa som er trykt i fargar på alle sidene, og anbefaler alle å kjøpe – og lese TA-Avisa. Fredag foregår salet fram til kl 14 og laurdag er det folk tilstades mellom kl 12 og 15.

Det er ei flott avis dei har laga, og den er vel verdt den hundrelappen som ho kostar. Overskuddet skal gå til skuletur når det lir til vårs, og den skal være med overnatting fortalte redaksjonsgjenen som i dag dreiv aktivt sal.  Det er iallfall fritt fram for alle besteforeldre, tanter, onkler og alle andre til å sikre seg eit nummer av den nye avisa, der det er mykje artig og interessant stoff – ei skikkeleg lokalavis!

Publisert: 21. november 2014, 14:00