Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi kan fort bli over 30!

Elinor Bolme Fredag 28. august 2015

Vi har fått tilsendt eit lesarinnlegg frå Todalen oppvekstsenter i dag. Der har elevane snakka om kommunevalg den siste tida, og da har nedlegging av skulen vore eit hett tema i følgje kontaktlærar Anja Dalsegg Sæther. I den forbindelse fekk elevane i oppgåve å skrive eit lesarinnlegg kvar. Dette resulterte i mykje godt arbeid og særleg eitt, skreve av ein 7. klassing ved skulen. Høgst dagsaktuelt no før valget den 14. september:

Kjære politikarar i Surnadal kommune!

Eg er ein elev på Todalen oppvekstsenter som ikkje vil at skulen vår skal bli lagt ned. Eg trivest så bra på denne skulen. Eg meiner det er veldig dumt om vår 94 år gamle, fine skule skal bli lagd ned. Sjølv om eg no går i 7. klasse, så synest eg det er utruleg trist at lillesøstra mi må ga på ein anna skule enn skulen eg har gått på i alle de år i Todalen. Når vi går på ein litt liten skule, så blir det eit så mykje betre skulemiljø, fordi alle kjenner kvarandre og er gode venner. Lærarane får også betre tid til å hjelpe kvar enkelt elev når klassane ikkje er så store. Når skulen ligg i vår heimbygd så er skulevegen kortare og tryggare, og når skulevegen er kort så kan vi sykle eller gå til skulen, og på den måten tar vi betre vare på miljøet vårt. Når skulen ligg i Todalen føler og er vi mykje tryggare. Vi er jo tross alt ekte todalingar. Om kommunen legg ned skulen vår så kjem eg aldri til å bli heilt meg sjølv igjen. Vi har det så bra her, ikkje øydelegg det for oss!

Helsing engasjert elev ved Todalen oppvekstsenter.

Publisert med samtykke frå skule og føresette.

Publisert: 28. august 2015, 09:23