Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første skuledag ved Todalen Oppvekstsenter

Elinor Bolme Tysdag 18. august 2015

Etter vel to månader fri, var det i går full rulle i skulegarden ved Todalen Oppvekstsenter igjen. I år er det 23 elevar som går på skulen, og heile 6 førsteklassingar. Dei var naturleg vis særdeles spendet på kva dagen skulle bringe, og da er det ekstra trygt at mor og far kunne bli med først på dagen.

image

1. klassingene saman med kontaktlærar Britt Mossing. Frå venstre Sivert Sogge, Markus Bolme, Nils Erik Gjeldnes, Nicole Gunvor Nordvik, Aleksandra Krajewska og Selma Gjeldnes.

Ikkje sidan 1995-kullet byrja på skulen har det vore så mange i første klasse. Dei var heile 8 stykk som starta i 2001.

image

Full rulle i ballbingen frå første stund.

 

Publisert: 18. august 2015, 04:27