Opningstider ved Surnadal bibliotek i sommar
I ei melding frå Surnadal bibliotek som tikka inn no i ettermiddag, får vi informasjon om opningstidene og kva tilbod biblioteket kan lokke med gjennom sommaren.
Vi fann 194 artiklar i dette arkivet.
I ei melding frå Surnadal bibliotek som tikka inn no i ettermiddag, får vi informasjon om opningstidene og kva tilbod biblioteket kan lokke med gjennom sommaren.
Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med framsyninga «Virvelvind» søndag 30.mai klokka 19:00. «Virvelvind» er eit teaterstykke der Teatret Vårt har laga teater basert på 17 av songane til Ane Brun, som ho sjølv har omsett til dialekt. Dei lovar ei framsyning som inneheld både lifleg bris og heftige vindkast!
Frå og med fredag 30.april viser Surnadal kino den danske oscarvinnaren «Et glass til» og dokumentarfilmen «Generasjon Utøya» der vi møter fire av dei som var på Utøya da tragedien hende for snart 10 år sidan – og som ikkje har gjeve opp sitt politiske engasjement.
Fredag 23.april klokka 19:00 kjem Namsos Allstar til Surnadal kulturhus med «The Hits of Bruce Springsteen». Namsos Allstar er det ein kan kalle eit «overskuddsprosjekt», og består av artistar frå DDE, Sambandet, Terje Tysland Band, Grannes samt Thoma, minsteblad, Brøndbo. For å kunne atterskape den kjente og magiske lyden til The E-street Band, har dei teke med seg saksofonisten Egil Furre i rollen som Clarence Clemons.
Fredag 23.april klokka 19:00 kjem Namsos Allstar til Surnadal kulturhus med «The Hits of Bruce Springsteen». Namsos Allstar er det ein kan kalle eit «overskuddsprosjekt», og består av artistar frå DDE, Sambandet, Terje Tysland Band, Grannes samt Thoma, minsteblad, Brøndbo. For å kunne atterskape den kjente og magiske lyden til The E-street Band, har dei teke med seg saksofonisten Egil Furre i rollen som Clarence Clemons.
I ei pressemelding i går ettermiddag, informerer kulturavdelinga i Surnadal kommune om at søknadsfristen for kulturmidlar 2021 er 30.april. Same frist gjeld for å søkje om leige av idrettshallen, gymnastikksalar ved skulane og symjehallen, for skuleåret 2021/22. I tillegg informerer dei om at Surnadal kino opnar dørene att frå og med fredag 16.april.
Påska står for døre, og ved Surnadal kulturhus vil dette medføre nokre endringar i opningstida. Det same gjeld for biblioteket. Kinoen, vil som følge av dei nye smittevernreglane som gjeld frå og med i dag, vere heilt stengt inntil vidare, meni alle fall fram til 12.apil. Nedandor finn du opningsidene for kulturhuset og biblioteket i påska.
Surnadal kino kan skilte med barnefilmen «felix på ville veier» og premiere på den norske ungdomsfilmen «Prosjekt Z» «Felix på ville veier» er ein kinesisk animasjonsfilm om katten Felix. Filmen skiljer seg frå vestlege animasjonsfilmar, først og fremst, fordi den spelar meir på melodramatiske verkemiddel, framfor humoren som vestlege animasjonsfilmar ofte spelar på. «Prosjekt Z» er ein norsk zombie-film som hadde premiere i går, den 12.mars. Filmen vender seg i første rekke til ungdommen av kinopublikummet.
Surnadal kommune melder:
Denne veka blir det oppstart med vaksinen frå AstraZeneca til gruppe 5, i tillegg til dei som skal ha dose 2 med Pfizer – BioNTech.
Det er høgsesong for årsmøte og fleire lurar på om eller korleis desse kan gjennomførast i tråd med nasjonale reglar og råd. Under har vi samanfatta ei sjekkliste for ansvarleg arrangør.
I samband med vinterferien neste veke, har Surnadal kino sett opp seks ekstra framsyningar. Framsyningane vil vere både på dag- og kveldstid. Allereie i kveld er det premiere på filmen «Wonder Woman 1984», som er ein film der premieren har vore utsett gong på gong, men som no altså endeleg får premiere.
Surnadal kino kan skilte med ein norgespremiere og ein oppfølgar. Premierefilmen er «The Marksman», som er ein film om ein ung meksikansk mann som er på flukt frå kartellmordarar. Filmen har norgespremiere 12.februar. Oppfølgarfilmen er filmen «Lassie kommer hjem». Her blir Collien Lassie og eigaren Fredrik på 12 år, foreina att, etter at dei ufrivillig har vore fråkvarandre ei stund.