Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Namsos Allstar til Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. april 2021

Fredag 23.april klokka 19:00 kjem Namsos Allstar til Surnadal kulturhus med «The Hits of Bruce Springsteen». Namsos Allstar er det ein kan kalle eit «overskuddsprosjekt», og består av artistar frå DDE, Sambandet, Terje Tysland Band, Grannes samt Thoma, minsteblad, Brøndbo. For å kunne atterskape den kjente og magiske lyden til The E-street Band, har dei teke med seg saksofonisten Egil Furre i rollen som Clarence Clemons.

Namsos Allstar inntek scena i Surnadal kulturhus ikledd rollane til The E-street Band. Ronny Gannes og Thomas Brøndbo deler på utfordringa med å tolke «The Boss» i ein hit-parade som spenner over det meste frå Bruce Springstten sin lange karriere. Det skulle difor vere store sjansar for at ein får servert akkurat «sin» prsonlege Springsteen-favoritt denne kvelden.  

Musikarane har gjennom åra spelt saman gjennom forskellege bandsamansetningar, og vart etter kvart til Namsos Allstar. Repertoaret består til vanleg av hit-ar frå ei vid «Trønderrock-historie». På nyåret 2018 ønskte gjengen å lage ein «One-night-only»-konsert for eit lokalt publikum i Namsos. Det resulterte i eit ni-manns orkester, fullt sett med deler av ungdomstida sine «lydspor» frå USA, mykje øving, og ein konsert gjengen hadde stor glede av å gjere saman. Trivselsfaktoren var så høg, at den eine kvelden, no har blitt til fleire turnear med utselde hus rundt om i Norges mitre deler.  

«The Hits of Bruce Springsteen» er låge skuldrar, stor trivsel og allsong frå start til slutt. Her kjem hit-ar som «The River», «Born to Run», «Thougher than the rest», «Human Touch» «Hungry Heart», «Thunder Road» og «Born in the USA», i spedd mange andre «stor hit-ar» frå «The Boss» sin mangeårige og rikhaldige produksjon. 

Så her er det berre å gle seg til ei musikalsk oppleving!

Billettar kan du kjøpe her: «The Hits of Bruce Springsteen»

Namsos Allstar. Foto: Jan Aage Hals

Namsos Allstar består av:

Thomas Brøndbo, vokal

Ronny Grannes (Grannes), vokal, gitarer

Eskil Brøndbo (DDE), trommer/perc

Egil Furre, saxofon

Eirik Engan (Grannes), trommer/perc

Terje Tranaas (Åge & Sambandet), keyboard

Eivind Berre (DDE), bass

Daniel Viken (DDE/Terje Tysland Band), gitarer

Terje Grande (Grannes/Terje Tysland Band), keyboard


Surnadal kulturhus minner om dei nasjonale smitteverreglane:

* Det er berre tillate å samle 100 personar innandørs på faste, tilviste sitteplasser i salen. Billettsystemet vårt legg automatisk inn tomme seter mellom kvar bestilling (det vil seie at berre dei i same kohort må kjøpe billettar saman).

* Det er anbefalt at arrangement berre skal samle publikum frå eigen kommune.

* Hald minst ein meter avstand til dei som ikkje er i din husstand, ha god handhygiene og ikkje møt opp om du kjenner deg sjuk.


 

Publisert: 16. april 2021, 05:35