Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opningstider ved Surnadal bibliotek i sommar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. juni 2021

I ei melding frå Surnadal bibliotek som tikka inn no i ettermiddag, får vi informasjon om opningstidene og kva tilbod biblioteket kan lokke med gjennom sommaren. 

Fredag 11.juni vil biblioteket vere stengt, men Dei som har «MEIROPE»-tilgang kan logge seg inn gjennom heile dagen. 

I perioden måndag 5. – måndag 26.juli vil biblioteket vere sommarstengt. I denne perioden vil det heller ikkje vere tilbod om «MEIROPE»

«Sommarles»

Fullt kjør med «Sommarles». Dette blir ein «slager» denne sommaren òg! Ei stor veke inn i juni har 110 allereie meldt seg på «Sommarles». Dette er eit tilbod for alle som skal vere elevar i barneskulen skuleåret 2021/22 i tillegg til dei som skal starte på ungdomsskulen til hausten, altså dei som er ferdige med 7.årstrinn no i vår. Så langt, altså etter ei stor veke, har desse 110 fått registrert 381 bøker på tilsaman 33615 sider. 

Om du er i denne aldersgruppa, eller har barn som er det, kan du registrere det (eller dei) på «sommarles.no» og bli med på sommaren sin mest vaneskapande og positive oppleving!

 

Publisert: 8. juni 2021, 17:14