Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endra opningstider ved Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juli 2021

Vi har fått informasjon om endringar i opningstidene ved biblioteket på kulturhuset på Skei. Grunna budsjettkutt, må kulturavdelinga spare pengar på inneverande budsjett. Kultureininga i Surnadal kommune har vorte pålagt, etter måten, store innsparingar dette året. Mellom anna er ei av stillingane ved biblioteket redusert. Ein av konsekvensane av dette er at biblioteket vil ha langt mindre på lønsbudsjettet frå august av, noko som inneber redusert opningstid for biblioteket på kulturhuset. 

Dei nye opningstidene ved Surnadal bibliotek vil bli som følger frå måndag 2.august

  • Måndagar klokka 14 – 18
  • Tys-, ons- og torsdagar klokka 11–15

Fredagane blir altså stengt. Men det blir tilbod om «meirope» heile dagen, for dei som har tilgang til det. Grunnen til at ein har gått for å ta bort denne dagen, er at besøkstala viser lågast besøk på fredagane. Ein av grunnane til dette, er nok at det ikkje er, eller er svært liten, undervisningsaktivitet på kulturskulen på fredagar. Fleire av elevane derifrå er gjerne innom biblioteket før og etter undervisninga.

Det er «meirope» tilbod (sjølvbetening) på biblioteket alle dagar i desse tidsromma:

  • Måndag-fredag kl. 08 – 20
  • Laurdag kl. 11 – 15
  • Søndag kl. 13 – 20

Har du ikkje tilgang til «meirope», men er lånar hos oss, er over 18 år, da kan du få slik tilgang ordnast i biblioteket si opningstid.

Biblioteket minner òg om dei digitale tilboda til biblioteket gjennom BookBites, Filmbib og Filmoteket.

Biblioteket vil vere ope til «vanleg» tid ut juli (altså i dag) klokka 11 – 15). Biblioteket reknar òg med litt utvida opningstid når kommunen går over til «vinterarbeidstid» att, frå midta av september.

Redusert opningstid frå 2.august ved Surnadal bibliotek. Foto: Arkiv

Først publisert: 30. juli 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 29. juli 2021, 18:53