Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Contrazt på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

Fredag 25.juni klokka 19:00 kjem Contrazt til Surnadal kulturhus. Contrazt er eitt av Norges mest turnerende danseband. Kvart år har det kome ut nye CD-plater som har gjeve både heder og ære i form av 4 gullplater og for ikkje å gløyme fire tituleringar som årets danseband, årets danselåt og årets musikar. Contrazt jubilerte nyleg og har lagt ein av jubileumskonsertane sine til Surnadal kulturhus. 

I 2020 feira altså Contrazt 15-årsjubiléum som turnérande band. Det førte til mange spanande oppdrag med mykje moro rundt om i Norge, Sverige, Færøyene og Spania, i jubiléumsåret. Og dei føler seg ikkje ferdige med konsertturneen – fredag 25. juni kjem dei altså til Surnadal kulturhus.

Gruppa gjev alt for at publikum skal få ein kveld dei ikkje gløymer så lett, så gå ikkje glipp av å oppleve denne gjengen live fra konsertscena! Med sin speleglede, publikumskontakt og utstråling, som raskt smitter over scenekanten er det ikkje tvil om at Contrazt er det bandet i Norge i dag som gjev alt for at publikum skal få ein kveld dei seint vil gløyme – om dei i det heile tatt gløymer han?

Medlemmane i Contrazt er alle rutinerte musikarar med lang fartstid, og besetningen er: Gro Anita Dybendal (vokal), Leif Dybendal (gitar og vokal), Hans Olav Trøen (bass), Kay Ronny Brobakken(trommer) og Svein Morten Haugerud(keyboards/trekkspell/saksofon).

Billettar til jubileumskonserten kan du kjøpe her «Contrazt på Surnadal kulturhus»

Først publisert: 23. juni 2021, 03:00 - Sist oppdatert: 24. juni 2021, 06:12