Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Åge, Gunnar og Trondheimsolistene til Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juni 2021

I ei pressemelding frå laget Vårsøg i dag, får vi opplyst at Åge Aleksandersen, Gunnar Pedersen, Trondheimsolistene med fleire, kjem til Stangvik kyrkje tysdag 2.november klokka 19:30, for å halde konsert. Billettar til konserten kan du kjøpe på «surnadal-kulturhus.no» eller på billettautomaten på Surnadal kulturhus. Billettsalet startar i siste halvdel av august. 

Sommaren 2019 spela Åge, Gunnar og Trondheimsolistene to konsertar i Nidarosdomen under Olavsfest. Båe konsertane vart utselde på kort tid. Det same vart deira omfattande turne i fjor. Til hausten legg dei difor på nytt ut på trune.  Adresseavisa skreiv i fjor følgjande om turneen: – Hvem hadde trodd at Levva Livet skulle få en til å gråte? – Musikken presenteres i en naken og sårbar drakt – helt nydelig. – Konserten er på mange måter ikke bare konsert, det er en opplevelse!

Dette blir ei unik konsertoppleving der Åge byr på seg sjølv og der vi får sjå ei anna side av Norges mest populære artist. Vi får høyre dei fleste kjente songane, samtidig som vi får høyre fleire som til vanleg ikkje blir spela på konsertar. Som Åge sjølv seier: – Vi stikker innom for å slå av en prat og spille og synge noen låter!. 

Konserten er støtta av Koteng og Vårsøghelga sine samarbeidspartnarar. 

Til slutt vil laget Vårsøg nytte høvet til å takke alle som bidrog til at Vårsøghelga i slutten av mai, vart ein stor suksess!

Publisert: 21. juni 2021, 12:58