Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Herleg smaklaust på Surnadal kino!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juli 2021

Sjølv om det ikkje akkurat har vore «kinovêr» i det siste, så kjem det no nokre dagar med nedbør og lågare termperaturar. Så da kan det kanskje passe med ein film som har norgespremiere i dag? VG konkluderer med «dårlig smak i verdensklasse» om filmen som har premiere på Surnadal kino fredag 30. juli. Og da er det positivt meint frå avisa… Filmen det gjeld er «I onde dager»

«I onde dager»

«I onde dager»

Filmen «I onde dager», er ein norsk splatterkomedie laga av sjølve gudfaren av slike: Tommy Wirkola. Og har du ikkje peiling på kva splatter er, er dette kanskje ikkje filmen for deg? For her er det grovkorna actionhumor, så blodet splattar veggimellom. Tommy Wirkola er den mest kjente norske regissøren av slike, med filmar som «Kill Buljo», «Rød/Død snø» og «Død snø 2» på merittlista. Og denne gongen har han overgått seg sjølv, skal ein tru kritikarane. Topp norsk og topp internasjonalt nivå.

Filmen handlar om eit lite samstemt ektepar som reiser på hytta for å ta livet av kvarandre. Og om ikkje det er forstyrrande nok, dukkar det også opp ein forbrytartroika med Atle Antonsen i spissen. Aldersgrense? Jau, det måtte bli 15 år…

Billettar til filmen kan du kjøpe her: «I onde dager»

«Croods – En ny tid»

«Croods – En ny tid»

Tilbodet til dei yngre er «Croods – En ny tid» (fredag) og «Space Jam: En ny legende» (søndag). Den første er heilanimert steinaldermoro, og i den andre, halvanimerte, møter ein m.a. basketlegenden LeBron James. Begge er oppfølgarar av tidlegare suksessar.

Billettar til filmen kan du kjøpe her: «Croods – En ny tid»

Meir om filmane og programmet kan du lese her: «surnadal-kulturhus.no»

Publisert: 30. juli 2021, 16:48