Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Virvelvind» til Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. mai 2021

Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med framsyninga «Virvelvind» søndag 30.mai klokka 19:00. «Virvelvind» er eit teaterstykke der Teatret Vårt har laga teater basert på 17 av songane til Ane Brun, som ho sjølv har omsett til dialekt. Dei lovar ei framsyning som inneheld både lifleg bris og heftige vindkast!  

Ane Brun er 45 år,  låtskrivar, produsent og artist. Ane er opprinneleg frå Molde, og debuterte som artist i 1998. Ho har motteke mange prisar gjennom karriera si, og har mellom anna vorte kåra til «Årets kvinnelege artist» to gonger under den årlege Spellemannsprisutdelinga.  

«Vifvelvind» Foto: Arild Moen, Tingh

«Virvelvind» handlar om fem personar som møter kvarandre for første gong på ei fest. Når festa går mot slutten og nærmar seg høgdepunktet, slår fasadane sprekker slik at ein verkeleg kjem tett på dei. Festdeltakarane har ikkje fått liva dei såg føre seg, og kjenner dei sit fast i noko som dei helst vil ut av. Og kanskje er det akkurat denne kvelden som gjev dei sjansen til å gjere noko med akkurat det?

«Virvelvind» har fått mange rosande omtalar, både i riks- og lokalpressa. Meir informasjon om framsyninga finn du på «Surnadal kulturhus» sine heimesider. 

Det er og laga ein liten presentasjonsvideo frå framsyninga som du kan her: YouTube – «Virvelvind»

Billettar kan du kjøpe her: «Virvelvind»

«Virvelvind» Foto: Arild Moen, Tingh

 

Publisert: 15. mai 2021, 13:04