Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2024

Vi fann 92 artiklar i dette arkivet.


No blir det arrangert «Midtsommar i Surnadal 2024»

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mars 2024

Måndag føremiddag vart lokal presse orientert om at det endeleg av avklara at det blir Midtsommararrangement i Surnadal – det skjer i tidsrommet 20. juni og går fram til søndag 30. juni – altså ei skikkeleg midtsommarfest som går over 11dagar.


Fornying av støttemedlemskap i Todalen.no

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. mars 2024

Da er tida inne for å fornye støttemedlemskapet sitt i Todalen.no. Støttemedlemskapet kostar kroner 200,- per person per år. Dei som er registrert med e-postadresse har allereie fått faktura for støttemedlemskap i innboksen, medan dei som ikkje har registrert e-postadresse får faktura i posten i nærmaste framtid. 


Eit godt år for demensforeninga

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mars 2024

Surnadal demensforening og Helselag har hatt årsmøte, og har gjort opp status for eit godt og aktivt år for foreninga.  I årsmeldinga som vi har lagt ut lenger nede i teksta har dei oppsummert aktivitetane og sett ord på det dei har gjordt. Bla vidare så kan du lese heile årsmeldinga.  


Inviterer til påskequiz i Todalen ungdomshus

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. mars 2024

Todalen bøgdalag inviterer til påskequiz i Todalen ungdomshus onsdag 27. mars (onsdag i den «stille uke») klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.

 


Bra med folk på gudstenesta

Jon Olav Ørsal Sundag 10. mars 2024

Det var god deltaking på dagens gudsteneste i Todalen kyrkje – over førti deltakarar må være bra i det fine, men kalde vêret.  Det var Hans Arne Akerø som var vikarprest i dag, medan Bernt Bøe vikarierte på orgelkrakken og Randi V. Bøe var klokkar/tekstlesar.  


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. mars 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11.mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Inviterer til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. mars 2024

Styret i Surnadal Pensjonistlag inviterer til medlemsmøte tysdag 19 mars klokka 15:00 i kantina på Surnadal sjukeheim. 
Bengt Eriksson frå Kristiansund kjem og fortel om korleis pensjonen har utvikla seg gjennom tid.


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. mars 2024

Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 10. mars klokka 11:00. Hans Arne Akerø er prest, medan Bernt Bøe er organist. 


Populært med quiz

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. mars 2024

I går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «skottårs-quiz», med Endre Talgø som quiz-master. Han hadde laga ein variert quiz, med både lokale og litt meir internasjonale spørsmål. Sia det var den internasjonale kvinnedagen i går, så hadde han også med fem spørsmål knytta til den. 


Årsmøte i Todalen IL – fort unnagjort

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. mars 2024

Årsmøtet til Todalen I.L. var unnagjort på halvanna time  – godt førebudde saker gjorde at møteleiar Elinor Bolme fikk sakene fort unna.  Årsmeldingar både frå hovedlaget og gruppene, samt rekneskapen vart godkjent nærast på direkten.   Todalen I.L. har i dag 308 registrerte medlemar, og det er faktisk fleire enn vi har innbyggarar i Todalen. 


Inviterer til «skottårsquiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. mars 2024

Fredag 8. mars klokka 20:00 inviterer Todalen bøgdalag til «skottårsquiz» i Todalen ungdomshus. Det blir premiering av dei to beste laga, så bøgdalaget oppfordrar til å kome og bli med på quiz, eller berre ta ein tur for å treffe folk! Det er Endre Talgø som er quizmaster denne gongen. 


Innflytting og storstila feiring hos Melby

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. mars 2024

Onsdag var det definitivt slutt på kontorhald i Moelvenbrakker og flyttesjau hos Melby Snekkerverksted på Eide. Melby Snekkerverksted har dei siste åra vore ein del av Talgøkonsernet, og har etter kvart vokst ut av det gamle kontorbygget.  – Det siste året har vi formeleg «bugg i brakker», og no sett vi umåteleg stor pris på at vi får flytte inn i det nye og fine kontorbygget, seier dagleg leiar Bjørn Melby.