Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen IL – fort unnagjort

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. mars 2024

Årsmøtet til Todalen I.L. var unnagjort på halvanna time  – godt førebudde saker gjorde at møteleiar Elinor Bolme fikk sakene fort unna.  Årsmeldingar både frå hovedlaget og gruppene, samt rekneskapen vart godkjent nærast på direkten.   Todalen I.L. har i dag 308 registrerte medlemar, og det er faktisk fleire enn vi har innbyggarar i Todalen. 

Frå årsmøtet i Todalen I.L.  foto Jon Olav Ørsal

Det har nok si forklaring i at treningsstudioet Heitt og Sveitt har skaffa mange nye medlemar – medlemane har nemleg gratis adgang til å trene der.  Det gjeld medlemar i alle aldrar.  Rekneskapen til hovudlaget hadde ein omsetning på 619 656 i 2023, og kom ut med eit r3esultat på 16.543 etter at finanspostar er komne med.  Av dei største inntekstspostane er Todalsdagen som totalt ga eit resultat på 92.000.  På minussida kkjem sjølvsagt dei mange anlegga tungt inn, både på Bordholmen, ungdomshuset, Skihytta og lysløypa på Tjønnmyran. 

Etter gjennomgang vart både rekneskapen og kontrollutvalgets rapport einstemmig godkjent.  Neste post på dagsorden var ny organisasjonsplan for laget. Det er Idrettsforbundet som legg opp til å standardisere og formalisere idrettslagenes organisasjonsplan for å standardisere og for å få ei fullmaktsmatrise som er tilpassa aktivitetsnivået i laget.  Etter litt debatt vart også den godkjent. Den største endringen sammenlikna med dagens plan er at Barne- og ungdoms gruppa blir erstatta av ein Barne- og ungdomsleiar. 

Etter årsmøtet hadde Endre Talgø ei kort orientering om planane for miljøpark på Bordholmen – her er det avsatt kr 200.000 til finansiering av prosjektet på eit tidlegare tidspunkt.

Posten innkomne saker hadde eit forslag frå Todalen Elveeigarlag om drift av campingplass på Bordholmen.  Den vart avvist som årsmøtesak, men vil bli behandla som ei styresak seinare.  Årsmøtet kan nemleg berre behandle innkomne saker frå sine medlemar.  For unnagjort var også saka om medlemskontingenten – styret hadde forslag om uendra medlemskontingen på kr 200, so var einstemmig vedteke. 

Siste post på programmet var val, der valnemnda hadde gjort ein solid jobb.  Karin Halle arrangerte valet på vegne av valnemnda og her var det gjenval på dei fleste postane. I styret/arbeidsutvalet er Andreas Brøndbo ny som nestleiar.  Så snart den er klar vil vi legge ut full oversikt over tillitsvalgte i Todalen Idrettslag for 2024.   

Publisert: 7. mars 2024, 22:57