Driftsproblem stoppar ferjetrafikken – no er det normal drift
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna driftsproblem vert sambandet innstilt inntil vidare, er det korte meldinga vi har fått frå Fjord1. Frå kl 15:00 er det igjen normal drift.
Vi fann 73 artiklar i dette arkivet.
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna driftsproblem vert sambandet innstilt inntil vidare, er det korte meldinga vi har fått frå Fjord1. Frå kl 15:00 er det igjen normal drift.
Fjorårets låge straumpris gjorde at markanden for sal av ved var labil, heilt til straumprisane skaut til vers utover seinhausten. Bjørn Kvendset er ein av dei som har satsa litt på sal av ved, og han fortel at det har vore godt sal den siste tida – no er det tomt for bjørkved, medan det enno finns blandingsved i storsekk på lager.
Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) arrangerer også i år jegerprøvekurs. Årets kurs går over to langhelger, helgene 17. – 19. april og 24. – 26. april. Kurset blir arrangert i SJFF sitt klupphus på Tellesbø. Adressa er Nordsida 198.
Surnadal sanitetsforening, Surnadal Demensforening og helselag, saman med Surnadal kommune inviterer til «pårørandekafe» i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei, onsdag 4. fabruar klokka 18:00 – 20:00. Ein fristad der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe går hand i hand.
Surnadal bibliotek inviterte til kåseri med Oddgeir Bruaset siste torsdagen i januar. Bruaset er mest kjend som programleiar for den populære TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Og da han entra scena, var kinosalen fullsett og vel så det.
«Vi er ein ressurs!», var den klare bodskapen da Pensjonistforbundet Surnadal inviterte til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei onsdag. Dette var første medlemsmøtet i Pensjonistforbundet i år, og knapt femti medlemmer møtte opp på frivilligsentralen fekk ei triveleg stund.
Surnadal kommune har no lanserer ei ny informasjonsbrosjyre som skal gjere det enklare for eldre og ikkje-digitale innbyggarar å finne fram til dei viktigaste kommunale tenestene. I brosjyren finn ein oversikt over kven ein kan kontakte for hjelp, råd eller praktisk støtte i kvardagen.
Sand-familien kjøpte den skulebygningane ved Todalen skule for ei krone – no førebur dei stor opningsfest med dobbelt 60-årsjubileum den 11. mars. Denne veka har handverkarane starta jobben med å klargjera lokalane til opningsfest. Den gamle scena er revet ned og fjerna, og no blir det klargjord for maling av veggane – men først skal det er det sparkling på gang.
Onsdag føremiddag inviterte Surnadal Næringsforening og Surnadal Konseptutvikling (SKUV) til pressetreff på Surnadal kulturhus. Her vart vi informert om at SKUV har engasjert Kristin Eidsli som prosjektleiar for Midtsommar i Surnadal 2026.
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Det vert normal drift på sambandet frå kl 7:30 frå Kvanne. Det er Fjord1 som melder dette, no kl 7:23.
Pensjonistforbundet Surnadal inviterer onsdag 28. januar klokka 15:00 til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentralen i Fiskegården på Skei.
For eit lita stund sia, lanserte norske myndigheiter portalen sikkert.no. Bakgrunnen for opprettinga av portalen, er å gjere det enklare å forbetre digital sikkerheit i praksis. Digital sikkerheit er eit dagleg felles ansvar som gjeld både for innbyggarar, bedrifter og offentleg forvaltning i Norge.