Basarsøg i Nordvik Forsamlingshus – tusen takk for all støtte!
Nordvik Grendalag inviterte til tradisjonell førjulsbasar første søndag i advent med godt oppmøte.
Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.
Nordvik Grendalag inviterte til tradisjonell førjulsbasar første søndag i advent med godt oppmøte.
For deler av koret var det faktisk jubileumskonsert med juletonar – det er faktisk 50 år sia dei eldste i koret starta i Åsskard kyrkjekor. Fortsettelsen på Åsskard kyrkjekor vart til Prosjekt 17-koret da Bernt egentleg vart pensjonist og starta på med nytt prosjekt 17-kor i 2017. I dag var P17-koret forsterka med eit eige orkester for høvet, og det var mesta rørande å høyre korsongen som vart forsterka med strykarar og blåsarar.
Folk trossa vindrossane og sluddbygene og kom til Syltøran på julemartna hos Hageland og Byggmakker i dag. Parkeringsplassen både framafor og bak butikkane var fylt til siste plass, og det var heilt stinnt med folk dei første timane etter at butikkane opna. Det kom folk både frå fjern og nær for å være med på julemartnan, og skikkeleg martnasstemning vart det – og det såg ut som både utstillarar og kundar kosa seg inne i varmen medan sluddbygene for vassrett innover Syltøran.
Todalen Sanitetsforening samla inviterte gjestar til lunchservering i Sanitetshuset. Foreninga er aktiv, og er involvert i mange tiltak gjennom året, og no vil dei gje noko attende til bygdefolket og inviterte altså til gratis lunch denne gongen. Saniteten har nemleg fått midlar frå sentralt hald i NKS, som er øyremerka til sosialte tiltak. Dermed blir det arrangert lunch, eller kveldsmat 2-3 gonger i året – og det er både triveleg og populært, seier Solveig Glærum som er leiar i Todalen sanitetsforening.
Søndag 30. november klokka 18:15 tenner Todalen bøgdalag si, etter kvart tradisjonsrike julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, Bøgdalaget inviterer store og små til å vere med på tenninga av julegata si!
Todalen sanitetsforening inviterer bygdefolket til varm lunsj i Sanitetshuset fredag 28. november kl. 13:00.
Hageland arrangerte julemarknad for første gong i 2024 – da inviterte dei med i overkant av tjue lokale matprodusentar og andre som hadde lyst til å være for å selje sine handverk. Det vart ein kjempesuksess, med mykje folk og bra sal av lokalproduserte varer.
I ei pressemelding frå Surnadal sanitetsforening, Surnadal demensforening og helselag og Surnadal kommune no i kveld blir vi informert om at dei to foreiningane, i samarbeid med Surnadal kommune, går saman om å lansere eit nytt og viktig tilbod for pårarande i form av ein lågterskel pårørandekafé i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Pressemeldinga les ein i si heilheit nedanfor:
Fjord1 melder kl 10:17 i dag om driftsproblem på rute 1061 Kvanne – Rykkjem – og at sambandet er innstilt inntil vidare. Kl 14:05 melder Fjord1 at feilsøking på MF Stangvikfjord pågår. Reservefartøyet MF Edøyfjord er på vei til sambandet – Fjord1 melder kl 16:29 at det blir normal drift i sambanden frå kl 17:15, […]
Jula nærmar seg, og Atleta inviterer alle til trening. Dei har to tilbod på trening i preioden 8. desember – 5. januar for berre kroner 399,-, så da er det berre å gripe sjansen og hive seg med på trening! Nedanfor kan ein lese meir om tilbodet frå Atleta:
Minusgradene dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is på skeisebanen på Bordholmen stadion. Finn Ranes, ein av dei ansvarlege for skeisebanen, opplyser at det akkurat no er fine forhold.
Ståle Ansnes i driftsstyret for vinteranlegg i Todalen Idrettslag melder at det no er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyran.